Sport | 13. mai 2014

Sølv, 3. og 4. plass

... Arne og Mattias rodde godt på Årungen i helga, men plassen i ungdoms-OL var det ingen av dei som kapra.

Sølv, 3. og 4. plass
Arne og Mattias tok 3. og 4. plass i singel - og 2. plass då dei sat saman  dobbelsculler. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 13. mai 2014 07:53

Arne Hadler-Olsen og Mattias N. Haugland var i helga på Årungen for å ro singel og dobbel.

I dobbel blei det sølv, men det var singelsculler som hadde hovudfokus denne helga.

Les òg: I trening på Vinddalsvatnet

– Her kjempa 20 roarar på 17 og 18 år om éin plass i ungdoms-OL i Kina.

– Konkurransen var knallhard, men gutane leverte bra, seier trenar Audun Hadler-Olsen.

Heilt i toppen

Arne og Mattias kom til A-finalen og ligg heilt i toppen blant unge norske roarar.

Dei to landa på 3. og 4. plass. Dei betra også tidene sine.

– To roarar frå Tønsberg kom på 1. og 2. plass. Vinnaren var berre to sekund framfor Arne i siste regatta i fjor, men var i ein klasse for seg sjølv denne helga.

Nordisk og VM

Om knappe to veker er det noregscup og sjanse til å kvalifisera seg til junior-VM, som går i Tyskland i august.

Eit mellom-mål på vegen er nordisk meisterskap, som blir arrangert i starten på juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.