Sport | 26. sep. 2010

Sølv og bronse i EM

Fredag blei det gull i kata, laurdag tok Os Karateklubb to nye medaljar i kamp.

Sølv og bronse i EM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. sep. 2010 18:22

Fem karateutøvarar frå Os deltar i helga i EM i karatestilarten Wado i den italienske byen Venezia. Fredag starta meisterskapen med kata, der Åsmund Slettevold forsvarte tittelen sin frå i fjor.

Laurdag sto kamp på programmet, og då blei det to nye medaljar.

- Åsmund fekk bronse i sin klasse, Tonje S. Hjelle fekk sølv, fortel hovudtrenar Cato Bruarøy.

Tonje fekk bronse i fjor, det gjorde også Åsmund, men det var i lagkamp.

Ein av dei som var med på å ta bronse i lagkamp i fjor var Henrik Reed-Larsen. Han fekk også bronse individuelt, men i år måtte han nøya seg med 4. plass i -84 kg.

- Henrik var svært nær finaleplass, men tapte semifinalen knepent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.