Sport | 28. nov. 2009
Sølv og bronse i jr. NM
Henrik Reed-Larsen og Åsmund Slettevold tok kvar sin medalje i karate-NM for junior.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 28. nov. 2009 23:08
Åsmund Slettevold, som tidlegare i haust blei europameister i stilarten Wado, tok i dag ein sølvmedalje i NM (for alle stilartar). Klubbkamerat Henrik Reed-Larsen fekk bronse.
Slettevold går i klassen kadett - 70kg, Reed-Larsen går i junior + 68 kg.
Tobias Opso frå Asker KK vann Slettevold sin klasse, Henrik Gustavsen frå Troll KK vann Reed-Larsen sin klasse.
Noregsmeisterskapen blei arrangert i Oslo.
Sjå heile resultatlista på kampsport.no