Sport | 29. juni 2009

Sølv og bronse i Sogndal

Fotballaga frå Os og Nore Neset gjorde god figur i varmegryta Sogndal i helga.

Sølv og bronse i Sogndal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juni 2009 12:06

95-gutane frå Nore Neset fekk sølv og 96-jentene frå Os vann brosnefinalen i Sognefjord Lerum Cup i helga.

Gutar 95 frå Os tapte semifinalen for Nore Neset, og hamna på 4. plass etter tap også i bronsefinalen.

Over 100 spelarar frå Os
Kvar sommar sender Os Turn Fotball lag med spelarar frå 11 til 14 år til Sogndal for å spela cup. I år var det 11 lag frå Os Turn og 2 lag frå Nore Neset i kamp på Hafslo, Kaupanger og Fosshaugane.

I dei to yngste årsklassane, 1998 og 1997, fekk kvart lag fem kampar, i dei to eldste klassane var det sluttspel.

I år gjekk alle laga frå Os Turn og Nore Neset vidare til A-sluttspelet, i tillegg blei det mange fine resultat i dei yngste klassane!

SJÅ 20 BILDE FRÅ SOGNEFJORD LERUM CUP
(Vent til sida er ferdig lasta, og trykk på bildet øvst til venstre for å bla gjennom alle)

RESULTAT
Os J98: Tapte tre jamne kampar før dei avslutta med 3-2 og 5-1 i dei to siste kampane.

Os J97: Starta med 5-0-siger og 1-2-tap, vann dei to neste 3-1 og avslutta med uavgjort 2-2.

Os G98: Her blei cupdeltakarar frå tre lag blanda saman og delt i to lag.

Det eine laget starta med 6-3-siger og 2-3-tap, før dei tapte 1-4, vann 2-1 og tapte 4-6.

Det andre hadde to uavgjorte (1-1 og 4-4) og resten sigrar: 8-1, 9-5, 9-3. Det andre laget.

I gutar fødd i 1997 stilte Os med tre lag, der Piraya beit best frå seg med 4 sigrar og 1 uavgjort:

Os Piraya: 3-2, 4-2, 3-2, 3-6 og 3-2.
Os Super: 4-4, 2-8, 0-7, 3-3 og 3-1.
Os Helspark: 3-1, 6-3, 5-7, 3-4 og 4-2.

SLUTTSPEL OG FINALAR

G95
I klassen for gutar fødd i 1995 gjekk Nore Neset vidare som andre beste i pulja med 10-6 i målforskjell. Dei tapte 1-5 i innleiande runde for Åsane 1, som dei igjen møtte i finalen etter å ha slått Os 1-0 i semifinalen. I finalen blei det 0-2-tap for Åsane.
Os gjekk også vidare som andre beste i pulja, med 4-3 i målforskjell.

Nore Neset gjekk vidare frå kvalifiseringrunden på corner, medan Os 1 vann sin kamp 4-0.
I 8-delsfinalen vann Nore Neset 1-0, medan Os gjekk vidare på corner. Begge laga vann kvartfinalane med eitt mål, før dei møtte kvarandre i semifinale der Nore Neset vann.

G96
Os 1 gjekk vidare som puljevinnar med 19-1 i målforskjell.
Os 2 gjekk vidare som nest beste i pulja med 7-7 i målforskjell.
Nore Neset Blå blei nest beste i si pulje, med 10-5 i målforskjell.

Nore Neset tapte 3-1 for Askøy, Os 2 tapte på loddtrekking og Os 1 vann 5-1 over Baune. Os 1 spelte 0-0 i 8-delsfinale mot Fyllingen, og tapte på corner.

Arrangørane hadde ikkje nok banekapasitet til å lata jentene spela 11-arfotball. Jenter 96 frå Os blei nest beste i pulja, og hadde 28-4 i målforskjell.

Fin avslutting for jentene
I sluttspelet vann dei 3-2 over Sogndal i kvalifiseringa og 5-0 over Austevoll i kvartfinalen før dei tapte 0-2 for Stranda i semifinalen.

Dermed blei det ikkje sjanse til å ta revansje på erkerival Fyllingen, som vann finalen og nyleg slo Os i serien. Men 96-jentene fekk likevel ei strålande avslutting på turneringa, med 5-1 over Sykkylven i bronsefinalen.

Les meir om turneringa og alle resultat på www.sognefjordcup.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.