Sport | 02. aug. 2011

Sølv og sosial suksess

Fotball og ferie i Danmark: – Dana Cup kan anbefalast, seier reiseleiar Oddvin Bøthun frå Nore Neset idrettslag.

Sølv og sosial suksess
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. aug. 2011 06:41

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I førre veke var Nore Neset idrettslag i Danmark for å delta med seks lag i den store, internasjonale fotballturneringa Dana Cup.

Tre av laga, G95, G96 og G97, tok seg til A-sluttspel, der gutar 95 rauk ut i 1/8-finalen då dei tapte 0-4 for Førde, som også vann finalen 4-0.

Gutar 98 gjekk til B-sluttspel, der dei tok seg heilt til finalen. Finalen gjekk mot eit engelsk fotballakademi, som hadde fått tre spelarar vist vekk fordi dei var for gamle. Nore Neset tapte likevel 0-6 mot fysisk store og sterke motspelarar.

– Sportsleg synes eg det gjekk betre enn venta. Dette er ei stor turnering med mange gode lag. Men sosialt sett blei det ein endå større suksess, synes Oddvin Bøthun.

240 på tur

Då det i nokre lag på Nore Neset blei snakk om å prøva cup i Danmark kasta fleire seg på. Oddvin, som hadde byrja å undersøkja påmeldingsfristar, transport og overnattingsforhold blei koordinator.

– Vi starta i september i fjor. Eg tok kontakt med Dues Sportsreiser, som hjelpte oss med bestilling av overnatting og transport. Dei var flinke og fleksible etterkvart som vi blei fleire lag, fleire spelarar og fleire familiemedlemmar som kasta seg på.

Til slutt blei det bestilling av 39 husvære på Grønhøj Strand, cirka 10 kilometer frå Løkken sentrum og 20 minutt med bil frå banane i Hjørring.

– Alt på éin stad

Grønhøj Strand er eit feriesenter, «typisk dansk», med innhaldsrikt aktivitetstilbod.

– Innandørs- og utandørs basseng, vassklie, spelehall, bordtennis, minigolf og sandvolleyballbane. I tillegg var det 1,5 fotballbane der, så dei som ville trena eller finpussa teknikken kunne gjera det, fortel Oddvin.

Anlegget har også eigen daglegvarebutikk med gode opningstider, eige bakeri og vanlege daglegvareprisar.

Litt ferie

Bøthun er glad for at så mange familiar valte å bli med, og ta turen litt som ein ferie.

– Det hadde ikkje blitt så mange lag frå Nore Neset om ikkje så mange familiar hadde slutta seg om turen, å bu ei veke på skule med dei yngste laga kunne nok blitt drygt, trur han.

Heldigvis såg fleire på danmarksturen som noko som passa store og små. Store delar av tida gjekk med til fotball, spesielt for dei som kom vidare i sluttspelet, men det blei likevel ein del fritid.

– Sidan avstandane var små, trafikken gjekk fint, det var lett å finna fram og vi budde samla på ein plass som hadde det meste, så blei det ein god del tid til sosialt samvær.

– Nokre reiste også ned nokre dagar i forkant, eller blei igjen nokre dagar etterpå, og fekk endå meir ferie.

10.000 per familie

Husværa hadde 8 sengeplassar og 2 soverom så to familiar kunne fint dela plass. Prisen per husvære var 10.000 kroner per veke, ferjeturen med full bil (bil, førar og fire passasjerar) kosta rundt 4000 kroner.

– Deltakarkorta kosta 550 kroner, så prisen per familie blei på rundt 10.000 kroner. Det er litt pengar å bruka på ein cup, men samstundes ikkje så verst for ei veke i Danmark på eit fint feriesenter, synes reiseleiaren.

I etterkant, og medan dei var i Danmark, har mange kome med positive kommentarar om turen.

– Det er fleire blant både spelarane og foreldra som spør om ikkje vi skal reisa ned igjen til neste år. Dei som har vore i Norway Cup tidlegare har sagt at cupen i Oslo nok har kvassare konkurrentar å spela mot, medan Dana Cup er best på alt det andre.

Resultata

Litt å bryna seg på blir det uansett kvar du speler cup. I fleire av klassane i Dana Cup var det over 80 lag påmeldt, og debutantane frå Nore Neset gjorde det ganske bra.

Jenter 99 fekk 2. plass i pulja på 5 lag etter 0-0, 9-0 (!), 3-1 og 0-0.

Gutar 95 kom på 2. plass i pulja etter 0-0, 2-2 og 4-0. I A-sluttspelet slo dei Vadmyra 2-1 og Gneist 8-7 (straffekonk) før dei rauk ut for Førde (0-4) i 1/8-finalen. Førde blei også suveren vinnar med 4-0-siger i finalen.

Gutar 96 kom på 1. plass i pulja etter 8-0, 3-0 og 1-0. I A-sluttspelet rauk dei ut med 2-3-tap for Lura i 32-finalen.

Gutar 97 kom på 2. plass i pulja med 6-0, 1-6 og 0-0. Også dei tapte første kamp i A-sluttspelet 2-3.

Gutar 98 kom på 3. plass i pulja med 4-1, 0-3 og 0-1. I B-sluttspelet vann dei 5-1, 1-0, 4-0 og 6-0 før 0-6-tapet i finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.