Sport | 15. sep. 2009

Sølv og tre 4. plassar

Os Roklubb fekk sølv og tre 4. plassar i NM på Voss i helga. I tillegg blei det fleire fine resultat i Vangsvannsregattaen.

Sølv og tre 4. plassar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. sep. 2009 20:40

Bildeserie:

1 av 6

Os Roklubb fekk sølv i junior-åttar under NM på Voss laurdag. Dette er første gong klubben deltar i klassen.

- Dei unge roarane våre gjorde eit svært godt løp, og blei berre slått med ei båtlengde av vinnarane frå Norske Studenters Roklubb, sa rosjef Lars Erik Jansen til Midtsiden.no laurdag.

Sundag blei det mykje nesten for osingane, men tre 4. plassar utanom sølvet i dei fem klassane dei stilte i.

- I herrar junior dobbelfirar låg vi lenge i tet, men klarte ikkje å halda tempoet oppe heilt til mål, så då enda vi på 4. plass. Det gjorde vi også i senior dobbelfirar. I senior åttar var det også spennande heilt til siste 500 meter, men også der blei det 4. plass, seier Jansen.

- Det var rekordstor deltaking, så vi er veldig nøgd med både sølvet og 4. plassane, legg han til.

Junior åttar: (f.v. på bildet under) Lars Kristian Moberg, Simen Jensen, John Henrik Wivegh, Oddbjørn Gjerde, Lasse Hægland, Fridtjof Øyasæter, Amund Bjørnevik, Erling Øyasæter. Styrmann Håvard Haukeland.

Junior dobbelfirar: (f.v. på bildet øverst) Lasse Hægland, Simen Jensen, Oddbjørn Gjerde og Fridtjof Øyasæter.

Senior åttar: (f.v. på bildet under) Styrmann Håvard Haukeland, Lars Erik Jansen, Bård Monsen, Torbjørn Mehammer, Simen Jensen, Fridtjof Øyasæter, Oddbjørn Gjerde, Thomas Grindevoll og Lasse Hægland

Parallelt med NM gjekk Vangsvannsregattaen, og her var det fleire osingar som gjorde det skarpt.

Herrer junior B singelscullar:
Her ror deltakarane i heat inndelt etter rankinglista frå Noregs Roforbund, slik at dei beste ror i det første heatet og dei nest beste i neste heat osv.
Her deltok Sigurd Rosland for Os. Dette var hans første løp i dei ordinære klassane, han har tidlegare berre rodd i open nybyrjarklasse. Han endte sist (6. plass) i sitt heat, men var ikkje lengre bak enn at det er håp om høgare plassering allereie ved neste regatta.

Herrer junior C singelscullar:
Her ror deltakarane i tilfeldig inndelte heat. Mattias Haugland kom på 2. plass i sitt heat, medan Håvard Haukeland enda på 5.plass i sitt heat.

Herrar junior C dobbelscullar:
Håvard Haukeland og Øystein Mehammer rodde inn til 3. plass i sitt heat.

Open nybyrjar dobbelscullar:
Her rodde Sigurd Rosland og Mattias Haugland inn til 2. plass.

Herrar Master (Veteran):
Rune Mowinkel Nilsen frå Os klarte på 3.plass

Sundag var det nye rundar på Vangsen:

Herrer junior B singelscullar:
Erling Øyasæter rodde i B heatet og enda på 6.plass (12 totalt).
Lars Kristian Moberg rodde i C heatet og enda på 3.plass (15 totalt).
Sigurd Rosland rodde i E- heatet og enda på 5.plass (28 totalt).

Herrer junior C singelscullar:
Mattias Haugland presterte svært godt i singelscullar denne helga, og vann.
Håvard Haukeland enda på 4.plass i sitt heat.

Herrer junior B dobbelscullar:
2. plass til Lars Kristian Moberg og Erling Øyasæter.

Herrar junior C dobbelscullar:
Mattias Haugland og Øystein Mehammer på 4. plass.

Herrar Master (Veteran):
Rune Mowinkel Nilsen betra resultatet frå laurdagen med éi plassering høgare - ein flott 2.plass!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.