Sølvgutane
12- og 14-års gutane til Os Turn tok tysdag sølv då dei spelte finalar i Åpningscupen i Bergen.
Åpningscupen er, for mange lag, starten på ein ny sesong med handball. Slik óg for spelarane på dei to gutelaga til Os Turn.
- I dei innleiande kampane såg vi det var lenge sidan gutane hadde kasta ball, men vi kom oss vidare, fortel trenar for G14 Hans Brunvatne.
Dei 13 og 14 år gamle gutane hans tok seg til finalen etter å ha slått Fyllingen 6-4 i kvartfinalen og Mathopen 12-11 i semifinalen. Mathopen møtte dei óg i innleiande kamp, då med eit tomåls tap.
Fire på klassetur
I tysdagens finale sto Gneist på motsatt banehalvleik.
- Vi fekk ei utfordring sidan fire gutar reiste på klassetur i dag, men Ludvig og Fabian frå 99/00-årgangen stilte sporty opp slik at vi fekk fullt lag.
- I kampen heng vi godt med i starten, men blir hardt straffa for enkle feil og må sjå oss slått av ei betre lag i dag, fortel Brunvatne etter 9-16 tapet.
Tre av tre moglege
Guttar 12-laget til Os Turn har fått ein eventyrleg start på kampane i turneringar der vinnarar kårast. I vår vann dei Vårspretten, før dei tok heim sigeren frå Storhamar Cup i Pinsen. Tysdag var dei nære "the trippel", men måtte som gutar 14-laget sjå seg slått av eit godt Gneist-lag i finalen.
- Det er ein utruleg god gjeng, men i dag blei vi nok litt prega av alvoret i å spele finale, fortel trenar Solveig Sønnøve Hamre.
12-åringane hang godt med i heile kampen. Omlag halvvegs låg dei likt med Gneist, men gjekk seg etterkvart litt fast i eit kompakt Gneistforsvar som gjorde at Fanabuane kunne gå sigrande av banen med 9-6.
- Neste gong vi møter Gneist skal vi slå dei, lovar trenaren.
- Uansett dette var ei kjempekjekk oppleving. To gutelag i finalane lovar godt for gutehandballen i Os. Tøffe gutar spelar handball, slår dei to trenarane fast.