To sølvmedaljar til Os
Både gutelaget og jentelaget tok seg til finalen i Bergen Fotballfestival.
Fotballspelarar på 9 lag frå 4 klubbar i Os fekk ein intens, men tørrskodd start på 2014-sesongen då dei i helga deltok i femmarturnering i Vestlandshallen.
Juniorjenter i internoppgjer
Søre Neset stilte med to lag i junior jenter, Lysekloster med eitt. Alle hamna i B-sluttspelet, der det mest interessante oppgjeret blei derby mellom Lysekloster og det eine Søre Neset-laget.
Lysekloster vann 3-1, men måtte, saman med det andre Søre Neset-laget, sjå seg slått i 1/4-finalen.
14-åringar i semifinalar
Os J14 stilte med to lag, som begge var nær på å vinna 2 av 3 i puljespelet, men måtte nøya seg med 3 poeng og plass i B-sluttspelet.
Begge vann 1/4-finalane 2-0, begge tapte semifinalane.
2. plass i A-sluttspelet
Jenter 16, som tok sølv og bronse i same turnering i fjor, stilte også i år med to lag.
Begge blei puljevinnarar, men det eine laget rauk ut på straffekonk i 1/4-finalen.
Det andre jentelaget gjorde jobben og følgte opp 21-3 i målforskjell i innleiande rundar med 4-2-siger over Fotlandsvåg i kvartfinalen og 4-1-siger over NBK i semifinalen.
I finalen møtte dei Gneist, som Os slo 6-1 i innleiande runde. Men denne gong hamna dei 0-3 under før dei reduserte til 2-3.
Os vs Os
Os- og Nore Neset-spelarar på allianselaget i G16 hadde delt seg på to lag, og møtte kvarande i kvartfinalen.
Det eine laget slo det andre heile 7-1 og følgte opp med 3-2 over Åsane i semifinalen.
I finalen venta Fyllingsdalen, der Os tok leiinga 2-0, men blei innhenta og tapte på golden goal.