Sølvvinnarar takkar Mohn
Os Roklubb tok sølv i junior-åttar i NM på Voss laurdag.


På bildet, f.v.: Lars Kristian Moberg, Simen Jensen, John Henrik Wivegh, Oddbjørn Gjerde, Lasse Hægland, Fridtjof Øyasæther, Amund Bjørnevik, Erling Øyasæther. Framme: Styrmann Håvard Haukeland.
Os Roklubb fekk sølv i junior-åttar under NM på Voss laurdag. Dette er første gong klubben deltar i klassen.
- Dei unge roarane våre gjorde eit svært godt løp, og blei berre slått med ei båtlengde av vinnarane frå Norske Studenters Roklubb, fortel rosjef Lars Erik Jansen til Midtsiden.no.
- Vi er veldig stolte av prestasjonen til gutane, og vil samstundes senda ei stor takk til Trond Mohn, som gav oss denne båten tidlegare i år, legg Jansen til.
NM held fram sundag. Os stiller i fem klassar.