– Som ein Hellstrøm light
Tore André Sagstad fekk tidlegare NM-deltakar, kokken Børge Brekke, til å gå gjennom menyen før sesongutviding på Solsiden.
– Solsiden har hatt ein fin start sidan opning før påsken i år, seier innehavar Tore André Sagstad.
Sagstad driv frå før Bowling1, MIX-kiosken og Iris Bar & Spiseri, og vaks i Irisgården då han også overtok leigekontrakten i lokalet der Dolly Dimples tidlegare heldt til.
- Sidan påske har vi hatt ope i helgene, og i vekedagane når vêret har vore bra.
– Men i neste veke startar skuleferien og frå måndag utvider vi til å ha ope 7 dagar i veka. Før sesongutvidinga ville eg ha andre auge, fagleg sterke auge, til å sjå på menyen vår, seier Sagstad.
"Brekke rydder opp"
Børge Brekke, som var årets skreikokk i 2006 og som har deltatt i NM i kokekunst tre gongar, har nyleg fått ny jobb etter 6 år som kjøkkensjef ved Bjørnefjorden Gjestetun.
– Eg hadde nokre fantastiske år på Bjørnefjorden Gjestetun, men var no klar for noko nytt, seier den éin månad ferske marknadskonsulenten i Bama Storkjøkken.
Ei av oppgåvene hans i den nye jobben er å bidra som med konseptutvikling hos kundane til Bama.
– Solsiden er ein flott plass og Sagstad viser stor vilje til å gjera restauranten best mogleg tilpassa osingane. Det trur eg han får til, seier Brekke.
– Brekke er grei, det var lite kjeft å få i forhold til sånn Hellstrøm held på, ler Tore André, med referanse til den kjente meisterkokken som har herja på TV dei siste åra.
– Vi fekk oss eit løft
Den tidlegare meisteren på torsk fekk smaka på fiskesuppa til Solsiden, ei suppe som har vore populær sidan start.
– Han fekk lov å legga til nokre ingrediensar, så suppa har blitt endå betre no.
I tillegg har Brekke kome med nokre nye rettar, og nokre kortreiste råvarer.
– No har vi varer og rettar frå Tysnes og USA, ost frå Myrdal Gard i nabokommunen og spareribs på amerikansk vis.
– Mange osingar kjem med fine tilbakemeldingar, og det som er litt spesielt er at mange også kjem med tips og ønskje. Vi lyttar og tar notater, men vi kan ikkje endra menyen kvar dag.
– Førebels får vi og osingane basera oss på det vi saman med Børge Brekke har sett opp for sommaren, seier Sagstad.