– Som å kasta bossekkane midt i gata
Overfylte konteinarar gjer at bosset flyt rundt Os hamn denne helga.
Bildeserie:
Både laurdag og søndag har Midtsiden fått tilsendt tips og bilde frå ulike turgåarar som fortel om tilgrising rundt konteinarar sett opp for at båtfolk skal kunna kasta boss.
Konteinarane er fulle, men folk har kasta så mykje boss at lokka står opne.
I tillegg er det plassert bossposar på utsida av konteinarane, noko som gir måsane gode arbeidsforhold i jakt på matrestar.
Verken teknisk vakt i Os kommune eller kommunikasjonsrådgjevar hos Bir kunne i helga seia sikkert kven som har ansvar for tømming av konteinarane Os kommune finansierer for båtgjestane.
– Men det som er sikkert er at du må vidare til ein annan konteinar om den første er full. Å lata lokket stå ope, eller å setja bosspose ved sidan av konteinaren, er som å kasta boss i offentleg rom, anten det er innbyggarar eller båtgjestar som set frå seg dette bosset som det ikkje er plass til.
Os brannvesen, som har ansvar for drift av Os hamn, kjente ikkje til problemet då Midtsiden tok kontakt, men tok ein tur nedom hamna for å sjå om dette var noko som burde ryddast umiddelbart.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.