Sommar i Vikjo!
Laurdag opnar tilkomst over byggeplassen frå Os sentrum til Mobergsvikjo, men folk er for lengst i gong med sommaren på den sentrumsnære stranda.


I dag blir det ferie på byggeplassen til Oseana, og laurdag 4. juli opnar tilkomst over byggeplassen, slik at badegjestar og andre som vil ta raskaste veg frå Os hamn til Mobergsvikjo kjem seg fram på trygt og lovleg vis.
Torsdag ettermiddag såg det ut som om arbeidarane hadde jobba seg opp ein fridag fredag, slik dei ofte gjer med seine kveldar. For både fotgjengarar og mopedistar tok seg enkelt fram til Vikjo over byggeplassen.
Byggeleiinga presierer at det ikkje er lov å ta seg inn på inngjerda område, det gjeld også ytst på moloen. Ferdsle over byggeplassen skjer på eige ansvar, og det blir åtvara mot å gå ut på kantar då desse kan bestå av lause steinar.
Passasjen er open til og med sundag 26. juli.
Og eit lite tips til: Nyt helga, det kjem regn frå og med måndag.
Her er vêrvarsel for Osøyro.