Kultur | 10. juni 2012

Sommar på Moldegaard

VIDEO: Det blei ein varm og stemningsfull stund i parken då Moldegaard inviterte til sommarkonsert sundag.

Andris Hamresøndag 10. juni 2012 13:45

Moldegaard har gjort det til ein tradisjon å invitere til parkkonsert i starten av kvar summar. Med strålande sol, omlag 20 grader og ein lett trekk storkoste dei omlag 100 tilskodarane seg på benkar og murar i parken. Meir heldig med vêret kunne ikkje arrangørane ha vore.

På scena sto jazztrioen Mads Berven Band med Tine Taule og mannskoret Brade frå Bergen.

I løpet av den omlag times lange konserten leverte dei eit variert og sommarlett program frå smekrane jazztoner til italiensk song og Nystemten.

Sjå klipp frå mannskoret og jazztrioen i videoen nedanfor (1 min 50 sek. Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.