Sommar på Vedholmen
Sundag inviterer Vedholmen Galleri til vernissage. Årets sommarutstillar er Gro Petersen.

I billedserien Drivstoff II som blir stilt ut på Galleri Vedholmen i sommar, presenterer Gro Petersen bilde frå urbane miljø, undergrunnar og tivoli. Motiva har ho samla på reiser gjennom ulike europeiske byar gjennom dei siste 10 åra.
- Språket er eit av dei viktigste transportmidlane vi har. Det kan ta deg med til stadig nye landskap, men òg køyre over deg, knuse deg. Forlate deg. I nokre situasjonar er man utan ord.
- Eg har alltid latt meg fasinera av korleis menneskja brukar ord saman. Korleis ein lyttar eller ikkje lyttar, argumenterar, avbryt, supplerar, byggjer opp eller bryt ned, eller herskar med språket. Språket er med på å transportera relasjonane våre til nye stader, slår Gro Petersen fast som sitt artistiske statement.
- Då eg for eit års tid sidan blei presentert for ordet idiolekt, kjende eg at noko falt på plas i meg og mitt høve til språk.
- Dialekt, som tyder den måten ei heil gruppe menneskjer snakkar på er det motsatte av idiolekt. Idiolekt er den måten berre eit individ snakkar, slår kunstnaren fast.
- For meg er mitt visuelle språk det tryggaste transportmiddelet eg har. I den verda kan eg stadig åpne nye rom utan å vera redd.
- Bilda mine er som lange distansar i eit tempo eg er trygg i. Må eg prate eller skrive om bilda mine er det som om eg må setja meg i ein racerbil og trakke gassen i bånn på ein humpete landeveg, eller som om eg køyrer tog utan at skinnene ligg den vegen eg vil reisa.
- Eg hadde nok klart å reisa på den måten òg, sjølv om det verkar som ein unødig omveg. Og det er vel akkurat det eg held på med no, sidan eg er blitt beden om å levera eit statement. Forsåvidt har eg alltid latt meg fasinera av uventa omvegar og digresjonar – og eg kjem nok til poenget til slutt, avsluttar Gro Petersen i si invitasjon til utstillinga.
Gro Petersen er fødd på Sotra og bur i Bergen. Ho er utdanna innan grafisk design og visuell kunst. Petersen har halde ei rekkje av utstillingar over heile landet. Sist ho vitja Galleri Vedholmen var i juli 2005.