Sport | 28. juni 2016

Sommargåve på 600.000 kroner

Seks lag og foreiningar får til saman nesten 600.000 kroner når Lotteritilsynet denne veka betaler ut momskompensasjon på idrettsanlegg i Os.

Sommargåve på 600.000 kroner
Os Skyttarlag får tilbake momsen på fire anlegg. Her frå Skytingens dag i fjor haust (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. juni 2016 07:00

1. mars gjekk fristen ut for å søkje om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Lotteritilsynet- og stiftelsestilsynet fekk inn 419 søknadar, med ein totalkostnad på dei omsøkte anlegga på vel 1,2 milliardar kroner.

– I alt 396 søknader er godkjende med eit samla søknadsbeløp på 192 271 948 kroner. Kvaliteten på søknadane er betre i år, og berre 23 søknader er avslått eller avvist, skriv Lotteritilsynet i ei pressemelding.

Ekstraløyving

Stortinget gav ei ekstraløyving slik at ein i år får tilnærma full kompensasjon.

99,8 % av det omsøkte beløpa får lag- og organisasjoner igjen på momsen i år. Totalt blir det utbetalt 191.862.328 kroner i kompenasjon kjem det fram i pressemeldinga

Seks lag, 10 anlegg

I Os kommune er det seks lag og organisasjonar som har fått godkjend søknaden på til saman ti anlegg.

Desse er:
Hegglandsdalen IL, ballbinge, 19.762 kroner
Kuhnleflaten velforening, ballplass-fotballbinge, 19.236 kroner
Os Skyttarlag, feltskytebaner grovfelt, 197.883 kroner
Os Skyttarlag, finfeltbane 1-3, 90.533 kroner
Os Skyttarlag, finfeltbane 4-5, 51.312 kroner
Os Skyttarlag, bane for stang og felthurtigskyting (Texas), 71.620 kroner
Småhaugane borettslag, ballbinge, 18.198 kroner
Søre Neset IL, sandvolleyballbane Lunde, 91.147 kroner
Søre Neset IL, Bjødnabingen ballbinge, 21.399 kroner
Øyglimt IL, ballbinge, 18.761 kroner

Totalt har laga frå Os fått tilbake 599.851 kroner i momskompensasjon.

Os Skyttarlag får over 2/3 av desse kronene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.