Sommartida er over
Natt til søndag skal vi stilla klokka over på normaltid igjen.
Det nærmar seg siste helga i oktober og tid for å stilla klokka tilbake til normaltid.
Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980 og vi har hatt same sommartid som EU-landa sidan 1996.
- Ikkje minst for næringslivet er det ein stor fordel at vi følgjer resten av Europa. Då unngår vi misforståing og praktiske ulemper, seier tidsminister Monica Mæland i ei pressemelding frå nærings- og fiskeridepartementet.
Natt til søndag kan du vera på fest ein time ekstra, søndag morgon kan du sova ein time lengre. Klokka 3 om natta skal du skru klokka tilbake éin time.
Tidspunkta for skifte mellom normaltid og sommertid er felles for landa i EØS-området. Det er EU-kommisjonen som gjennom eit eige direktiv om sommartid som bestemmer tidspunktet for å stilla klokka. Sommertida startar kl 02.00 (UTC+1) siste søndag i mars og sluttar kl 03.00 (UTC+2) siste søndag i oktober.
Endringar i fleire land
Tyskland var først ute med sommartid då dei i 1916 stilte klokka for å få meir ut av den lyse årstida. Fleire land kom til, Noreg for første gong i 1916, men også under siste del av andre verdsakrig.
I nyare tid hr fleire land gjort justeringar i sommartida. I 2011 gjekk Russland bort frå ordninga, Hviterussland og Ukraina følgte opp same år. I 2012 blei det fremja forslag om å gjera det same i Tyrkia.
Frå 2007 blei sommartid, kalla Daylight saving time (DST) på amerikansk, utvida med fleire veker i store delar av USA og Canada, som no har nesten 8 månadar, 1 månad meir enn Noreg, med sommartid per år.
Kjelde: Wikipedia