Kultur | 12. juni 2020

Viser oppdaginga av Amerika for første gong

Omvisingar og miniforedrag i Griegsamlinga laurdag.

Viser oppdaginga av Amerika for første gong
Delar av Alf Rolfsen sitt store måleri, «Leiv Eiriksson oppdager Amerika».
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 12. juni 2020 07:56

I morgon feirer Oseana opninga av Griegsamlingen si sommarutgåve med miniforedrag og omvisingar.

– Denne sommaren viser vi verk frå samlinga i begge utstillingsromma - både det store rommet, der verk frå samlinga vanlegvis er stilt ut, og i Galleri Hvelvet, som elles plar å ha utstillingar av samtidskunst, seier kurator Evelyn Holm.

Først ut etter koronastengjinga

Oseana har ikkje hatt kunstutstillingar under koronapandemien, men startar no opp att med visse smitteverntiltak.

– Dette er første utstillingsopninga etter koronastengjinga denne våren, og vi er veldig spente på korleis publikum vil respondera.

– Restriksjonane krev både ei avgrensa mengde publikum om gongen, og at folk held avstand. Difor startar vi opp med eit miniforedrag om utstillinga for dei første som kjem, og held vidare fram med spontane omvisingar gjennom heile opningsarrangementet, seier Holm, som sjølv vil stå for både foredrag og omvisningar.

«Amerikansk» premiere - og ingen sommarferie

For første gong sida verket blei kjøpt inn til samlinga i 2013, viser Oseana fram Alf Rolfsen sitt store måleri, «Leiv Eiriksson oppdagar Amerika», for publikum.

– Verket har ei interessant historie som vil bli presentert i foredraget og i dei små omvisingane i etterkant.

– I tillegg viser utstillinga verk av sentrale kunstnarar som Johan Christian Dahl, Nikolai Astrup, Thorvald Erichsen, Peder Balke, Christian Skredsvig, Xan Krohn, Per Krohg, Harriet Backer, Fritz Thaulow, Eilif Peterssen med fleire.

– I heile skuleferien vil utstillinga halda ope sju dagar i veka, avsluttar Holm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.