Kultur | 04. juni 2012

Song for Elisabeth II - og heile London

Blei del av diamantjubileet: Bjørn-Erik Ulvatne frå Os var blant tre handplukka tenorar i kammerkoret som i går song for Elisabeth II - ansikt til ansikt med dronninga.

Song for Elisabeth II - og heile London
Mellom songane blei det tid til å vinka. (Foto: BBC/Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. juni 2012 09:53

Over ein million publikummarar samla seg langs elva Thames i London søndag for å få med seg konvoien som er del av markeringa av dronning Elisabeth II sitt diamantjubileum. Det er 60 år sidan den 86 år gamle dronninga overtok tronen, og jubileet blir feira året gjennom.

Søndag var det parade på elva med fleire musikalske innslag og over ein million tilskodarar langs elva Thames. Det sto høgtalarar på lang langs elva og gatene var fylt med folk.

Osingen Bjørn-Erik Ulvatne, som det siste året har vore student ved Royal College of Music, var saman med 11 medstudentar og London Philharmonic Orchestra del av avslutningsnummeret på Diamond Jubilee of Elizabeth II Pageant.

– Følte meg britisk

– Eg visste ikkje kva eg takka ja til for seks månadar sidan. Vi fekk berre veta at vi skulle synga om bord på ein båt, fortel Bjørn-Erik til Midtsiden.no.

– For to veker sidan fekk vi veta meir, men alt har vore konfidensielt og det at båten snudde så vi sto ansikt til ansikt med dronninga visste vi ikkje om før vi gjekk om bord.

Bjørn-Erik var om bord i den harmoni-tilpassa båten Symphoni, dronninga var om bord i båten hennar, The Spirit of Chartwell.

Blant dei 12 i kammerkoret frå skulen hans var det tre av kvar stemmetype. Ulvatne er tenor. Blant dei 12 var det berre Ulvatne, ein frå Australia og ein frå India som ikkje er frå Storbritannia.

"If you could have bottled the droplets dripping from the choir’s chins, it could have been distilled and sold as Essence of Britishness", skriv The Telegraph om den flytande konserten.

– Med den musikken og det opplegget så følte eg meg litt britisk i går. Vi fekk også te om bord, ler Bjørn-Erik.

Teen kom godt med, for det var mykje regn og vind under arrangementet.

Flying start på ny skule

Medan jubileet i kveld held fram med konsert av blant andre Stevie Wonder, Sir Paul McCartney, Kylie Minogue og Sir Elton John har gårsdagens hovudartist ein eksamen igjen å førebu seg til.

– Det blei ein brå overgang å starta på denne skulen. Medelevane mine har utruleg sterk bakgrunn, fleire av dei har spelt instrumentet sitt sidan dei gjekk i barnehage.

– Men det har gått fint, eg ser ut til å stå med glans i alle fag, seier Bjørn-Erik.

Takkar for støtten

Siste eksamen er 11. juni. Så blir det nokre veker saman med kjæraste i London før heimreise til Os ein gong i juli. Ulvatne, som har fått fleire stipend, har tre år igjen ved skulen.

– Stipenda er eg veldig takksam for. Dei kjem godt med, for semesteravgifta er i overkant av kva Lånekassen dekker, forsikrar Bjørn-Erik.

Sjå 3 minutt med høgdepunkt på BBC og sjå 11 minutt i videoen under (også det frå BBC):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.