Kultur | 31. mai 2010

Song for Karlsen & Co

Sundag var Anette Koldal (16) på X-Factor-audition. For andre gong.

Song for Karlsen & Co
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mai 2010 21:04

«X Factor»-dommarane Jan Fredrik Karlsen, Marion Ravn, Klaus Sonstad og Elisabeth «Bettan» Andreassen fekk i går og i dag besøk av fleire osingar. I dag song Richard Myhre Gåssand for juryen, i går var Anette Koldal til Bergen for å prøva seg.

- Eg song «Who am I» av Casting Crowns, fortel Anette.

Ho fortel at ho alltid har likt å synga, men at det først er no nyleg at ho har drive meir organisert med det.

- Etter at eg konfirmerte meg byrja eg i Join-Us.

16-åringen frå Os var også med i X-Factor i fjor. Då song ho Bonnie Tylor-låta «I need a Hero».

- Eg gjekk ikkje vidare i fjor. Korleis det gjekk i år har eg ikkje lov til å seia, men eg fekk litt skryt av juryen, røper ho.

Sendingane startar på TV2 til hausten. Først då får vi sjå korleis det gjekk med Richard, Anette og minst ein annan deltakar frå Os som gjekk vidare frå fredagens pre-cast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.