41136891

Snill politi og streng Sofie

VIDEO: Det er eventyr det handlar om i førsteklassane i Os og denne veka viste elevane på Kuventræ kva dei har lært.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Med lærar Anne-Birthe Nyhammer nær scenekanten som sufflør og akkompagnert av musikklærar Hilde Strand på piano heldt 1A ved Kuventræ skule framsyning for foreldra måndag denne veka.

– Det har vore song og skodespel i klassen i alle ledige stunder dette skuleåret, fortel Anne-Birthe.

Elevane har hatt med kostyme heimefrå og skulen hadde pynta scenen fint med kulissar som seng til bestemora til Rødhette, frå Anne-Birthe si eigen bestemor, til bru til dei tre bukkane Bruse.

– Det har gått i folkeeventyr, men også ein del Egner, sidan han har 100-årsjubileum i år.

22 flotte skodespelarar og stolte lærarar og foreldre fekk oppleva ein kveld både fin song og spennande og morosam eventyrforteljing.

Etterpå var det kafé med servering av kaker, drikke og kaffi. Så var det å legga kostymene frå seg til det var 1B sin tur.

SJÅ VIDEO FRÅ FRAMSYNINGA (03:13, foto KVB):

Fleire saker