Sport | 05. mai 2009

Søre Neset i siget

Erdal sto med 10-1 i målforskjell før dei måndag kveld møtte Søre Neset.

Søre Neset i siget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mai 2009 13:07

Etter uavgjort i første kamp, på bortebane mot Minde, har det blitt full pott for Søre Neset. I går vann dei bortekampen mot Erdal, som sto med imponerande 10-1 i målforskjell før kampen.

- Vi løp dei i senk. Særleg dei siste 20 minuttane av kampane i år har vi fått løn for mykje løpetrening i vinter, seier ein av trenarane, Frank Haugland.

Han er normalt spelande trenar, men har fått "sin årlege strekk", og styrte kampen frå sidelinja i går.

Tre sjølvmål
Søre Neset vann 2-1. Alle måla i kampen var innom ein motspelar før ballen gjekk i nota.

- Alle var ikkje direkte sjølvmål, men alle ballane streifa forsvarsspelarar før dei gjekk inn, fortel Haugland.

Erdal tok leiinga 10-12 minutt ut i kampen, etter at eit hardt innleig trefte ein Søre Neset-spelar, og endra retning til å gå i bue over keeper Christian Haaland.

- Så kom Andreas Pettersen med eit hardt skot frå rundt 20 meter. Ballen var borti ein motspelar før den gjekk i mål, men ville nok gått inn uansett, trur trenaren.

I andre omgang hadde Søre Neset tre hjørnespark på rad. Etter det tredje, som Aron la fint inn i feltet, blei det klabb og babb før ein av heimelaget sine spelarar sette ballen i eige mål.

- Tommy L. Matre jobba knallhardt heile kampen, noko som smitta over på dei andre. Han var banens beste i går, meiner trenarane.

Sikker siger over Apollo
I førre kamp møtte Søre Neset Apollo. Apollo har ikkje hatt gode resultat til no, og Søre Neset tok ein grei siger.

- Det var berre spørsmål om kor mange mål vi kom til å vinna med, fortel Haugland.

Eit frispark av Kjetil Henriksen landa nær beina til Kjetil Eide, som sette inn 1-0. Dei to neste sto Kenneth Hufthammer for. Kenneth ofra både kropp og sjel (og halve maskinrommet på Hargun) i ei stupheading som sikra 3-0.

Øystein Lien får også ros etter kampen, Søre Nesets beste den dagen, meiner trenaren.

Spennande i neste runde
Neste kamp for Søre Neset er borte mot serieleiar Solid, førstkomande laurdag.

- Der har vi litt å revansjera, etter to tap på treningskamp i vinter. Men vi har funne ein fin taktikk på bortebane, så det blir ein spennande kamp, spår Frank.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.