Søre Neset tapte
Søre Neset starta måndag kveld serien med heimetap for nyopprykka Olsvik.
Medan Os 2, som spelte 4. divisjon i fjor, tok ein grei 3-2-siger i seriestarten borte mot Halsnøy søndag fekk Søre Neset meir å slita med sin sin førsterunde i same 5. divisjonsavdeling.
Olsvik, som i haust rykte opp frå 6. divisjon, tok leiinga i første omgang og fekk ikkje mindre innsatsvilje av å gå opp til 2-0.
Det siste kvarteret auka dei på med to til medan ein corner var det nærmaste Søre Neset kom redusering før slutt.
Søre Neset - Olsvik 0-4 (0-1)
– Vi har vore få spelarar på trening i vinter og stiller ikkje så godt førebudd på sesongen som vi kunne gjort, seier Vidar Bahus.
Bahus overtok i vinter trenarjobben etter Morten Øvrebø.
– Vi vann ikkje nok duellar og fekk ikkje til spelet vårt, meiner Bahus.
Søre Neset har dei to-tre førre sesongane lagt heilt i toppen av avdelinga store delar av sesongen, men mista i vinter spelarar som Anders Kloven, Anders Kinden og Ørjan Håland til Os.
I tillegg har Tore Kinden og Torbjørn Hjelle vore skadd og vekke frå trening i vinter. I ein treningskamp nyleg blei også Øystein Lien skadd, så han måtte nøya seg med å vera tilskodar i dag.