Sport | 11. apr. 2010

Søre Neset vann første

Søre Neset snudde kampen då dei starta serien med bortekamp mot Eidsvåg fredag.

Søre Neset vann første
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. apr. 2010 14:33

Fredag 9. april hadde Søre Neset seriestart med bortekamp mot Eidsvåg. Kampen starta med straffe og skåring til heimelaget i 15. minutt, men så overtok gjestane.

- Vi spelte litt rotete dei første 20 minutta, men då vi fekk alt til å klaffa var vi gode, seier trenar Morten Øvrebø.

Eidsvåg - Søre Neset: 1-4 (1-2)
Søre Neset sitt lag (4-3-3): Anders Kloven, Emilis Kazinskis, Kenneth Hufthammer, Audun Røren, Frank Haugland, Ørjan Bakke, Andreas Pettersen, Ørjan Håland, Anders Kinden, Tore Kinden og Kjetil Henriksen.

Desse fekk også spela: Torleif Nesse (keeper, overtok for ein småskadd Anders i pausen), Stian Bårdtveit, Øystein Lien, Erlend Eidhammer, Lars Martin Høyvik og Geir Ove Pettersen.

Målskårarar, Søre Neset: Ørjan Håland (straffe 20.), Anders Kinden (25.), sjølvmål til Eidsvåg og Lars Martin Høyvik (75.)

- Eidsvåg har ein liten bane, så det blei ein intens kamp med mykje duellar. Men vi fekk ikkje panikk på 1-0, vi hadde kontroll på kampen og skapte fleire store sjansar, også etter 1-4-skåringa, seier Øvrebø.

God vinter - god stall
Sjølv om snømengdene gjorde treningsforholda vanskelege i vinter meiner trenaren at laget er godt førebudd på sesongen.

- Fleire av spelarane seier sjølv at dei er i langt betre form enn i fjor på denne tida. Vi har også ein god stall, med nye spelarar som Anders Kloven og Ørjan Håland.

Dei to var med på å få Os opp i 2. divisjon i 2006.

- Til serieopninga måtte vi klara oss utan ein del spelarar, blant anna Espen Halhjem og Robin Hjertnes som var skadd, og Niklas Linde som er på reise. Det var godt å koma i gong og å få tre poeng i første kamp, synes Øvrebø.

Søre Neset spelar neste kamp på heimbane, mot Austevoll sundag 18. april klokka 14.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.