Sport | 09. juni 2017

Sosialt svømmestemne

Ti-åringen Os svømmeklubb avslutta vårsesongen med uformelt klubbmesterskap. – Dette er det kjekkaste stemnet, for vi får pizza etterpå, smilte svømmarane.

Sosialt svømmestemne
Noregsmeister Ariel Braathen (nest bakerst) og toppsvømmar Tom Andree Moberg Johansen (lengst framme) stilte side om side med svømmarane i Os svømmeklubb (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. juni 2017 10:17

Bildeserie:

Sommaravslutning i Os svømmeklubb (foto: Andris Hamre)

1 av 23

Same år som Osbadet opna, blei Os svømmeklubb stifta. Ti år seinare avslutta klubben vårsesongen med svømmestemne, kor "førstegenerasjonssvømmerane" Ariel Braathen og Tom Andree Moberg Johansen sjølvsagt sto på startblokka side om side med dei ferskaste, som starta svømmekarriera si i vinter.

– Sjølvsagt skulle eg vera med her. Det er jo så kjekt. Dei er så søte, smilte Ariel Braathen, som no er tilbake i Osbadet med ei fast treningsøkt i uka.

Gir tilbake

Hovudtrenar Thomas Harlem er glad for å ha Ariel og Tom Andree tilbake i Osbadet.

– Ein ting som har vore fokuset i alle dei ti åra vi har helde på, har vore å skape eit godt miljø på tvers av alder, kjønn og nivå. Det opplever eg vi har lukkast med.

– Eit døme på det er når vi har teknikktrening. Då hjelper dei som har kome lengst, tildømes Ariel, bror hennar Sebastian og Tom Andree dei yngre med dei små detaljane. Dei er flinke til å gje tilbake til dei andre svømmarane. Det artige er at dei yngste like gjerne kjem med tilbakemeldingar til Ariel, sjølv om ho er noregsmeister, smiler Harlem, som ikkje ser bort frå at det er fleire av svømmarane som er i klubben no som kan følgje i hennar spor, og ein dag svømme finale i NM.

– Vi har fleire som er kapable til det, om dei har lyst, og legg ned den innsatsen som trengs.

30 svært aktive

Os svømmeklubb tel i dag omlag 100 medlemmar.

– Mange av desse melder seg inn i klubben for å vera med på den relativt store kursverksemda vi har. Vi har kurs frå ungane er seks år og oppover. Sidan vi er ein 100% frivillig klubb, så er mange av instruktørane rekruttert frå foreldregruppa. Vi har nemleg ei ordning kor foreldre som tek instruktørutdanning får ungene sine med på kursa. Vi har til tider hatt ganske store ventelister.

– Av aktive svømmarar, så er med i treningsgruppene, har vi no rundt 30 svømmarar. 10 i A-gruppa og 20 i rekruttgruppa.

– Skal slippe å velgje

Harlem er tydeleg på at klubben skal legga tilrette for både bredde og dei som ønskjer satsa.

– Dei fleste driv med fleire idrettar enn berre svømming. Og det skal dei få lov til. Vi seier aldri at nokon må velgje. Kolliderer ei svømmetrening med ein handball- eller fotballkamp, så tar vi treninga heller ein annan dag. For meg er det viktig at flest mogleg er med lengst mogleg, avsluttar Harlem før han bles i gang første heat på 25 meter fri. Dei andre øvingane i klubbstemnet var 50 og 100 m bryst, 50 og 100 m fri og 100 m medley, kor utøvarane uavhengig av kjønn og alder stilte i same heat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.