Lokal | 12. feb. 2020

Søviknes får fire nye år i leiinga av KS

– Eg synest det er spennande å vera med å fremja kommunane sine krav og ønskje ovanfor Staten.

Søviknes får fire nye år i leiinga av KS
Terje Søviknes er glad for at han fekk fire nye år i KS sitt styre. (Pressefoto, KS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. feb. 2020 14:36

KS, kommunesektoren sin organisasjon og utviklingspartnar, har i KS landsting i dag fått ny leiing for perioden 2020 til 2024.

Bjørn Arild Gram (Sp), som har vore nestleiar sidan 2012, tar over som styreleiar etter Gunn Marit Helgesen (H), som saman med Sven Tore Løkslid (Ap) no blir nestleiar.

Terje Søviknes (Frp) er ein av 12 styremedlemmar.

– Det er ein partipolitisk kamp kvar gong, om ein plass i styret i denne viktige organisasjonen. Sidan Frp på landsbasis hadde eit relativt dårleg lokalval i haust, var vi litt spente, seier Søviknes til Midtsiden.

Han sat styret i førre periode, og fekk behalda plassen sin.

– Det er ein spennande arena å ha ein posisjon i, å vera med på å fremja kommunane sine krav og ønskje ovanfor Staten.

– Samtidig har eg sett sakene frå begge sida av bordet, då eg i førre periode var olje og energiminister.

Den nye politiske leiinga

KS’ hovudstyre for perioden 2020–2024:

Leiar:
Bjørn Arild Gram, (Sp)

Nestleiarar:
Gunn Marit Helgesen, Høyre og Sven Tore Løkslid, Ap

Øvrige styremedlemmar:
Mette Gundersen – Ap
Nils Ole Fosshaug – Ap
Lise Selnes – Ap
Jenny Følling – Sp
Ivar B. Prestbakmo – Sp
Hilde Onarheim – Høyre
Tore Opdal Hansen – Høyre
Terje Søviknes – Frp
Ådne Naper – SV
Bjørn Alfred Ropstad – KrF
Gunhild Berge Stang – Venstre
Per Arne Kaarstad – KS Bedrift

– Kommune-Noreg står ovanfor store utfordringar i åra som kjem. Skal vi lykkast med å halda oppe og bygga ut gode velferdstenester til innbyggarane, er det avgjerande at kommunar og fylkeskommunar har sjanse til å gjera lokale prioriteringar, seier nyvalt leiar Bjørn Arild Gram i ei pressemelding frå KS.

Nyvalt leiar, Bjørn Arild Gram (Sp), har vore nestleiar sidan 2012. (Pressefoto, KS)
Nyvalt leiar, Bjørn Arild Gram (Sp), har vore nestleiar sidan 2012. (Pressefoto, KS)

Fleire ferske vedtak

Landstinget i KS har gått over tre dagar. Ved sidan av å velja ny leiing har dei vedtatt fleire fråsegn og uttaler, her er utdrag av nokre av dei:

  • Nærleik til innbyggjarane gjev kommunar og fylkeskommunar fortrinn til å prioritere effektivt for å løyse komplekse utfordringar og å møte behov og ønske frå innbyggarane. Landstinget reknar med at dette kjem tydeleg fram i ny perspektivmelding.
  • KS landsting meiner at Klimakur 2030 gjev eit kunnskapsgrunnlag for den naudsynte vidare utviklinga av norsk klimapolitikk. Klimakur-rapporten syner at det er eit stort vidare potensial for utsleppskutt i kommunesektoren, og at desse kutta kan nås raskare og i større omfang i samarbeid med andre.
  • Staten må sørge for gode rammer for å forebygge og håndtere hatefulle ytringer og konkrete trusler mot folkevalgte, slik at folkevalgtes ytringsfrihet sikres i praksis. Gode rammer for en åpen og opplyst samtale og debatt blir enda viktigere når prioriteringene blir tøffere.
  • Kommuner og fylkeskommuner kjøper varer og tjenester for mer enn 200 milliarder kroner årlig. Med dette følger et stort samfunnsansvar. Landstinget mener at kommunene og fylkeskommunene i enda større grad bør bruke sin innkjøpsmakt til å påvirke samfunnsutviklingen i en bærekraftig retning.
Det nye styret. (Pressefoto, KS)
Det nye styret. (Pressefoto, KS)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.