Lokal | 03. des. 2010

Søviknes kasta ut av Facebook

Ordførar Terje Søviknes var ivrig Facebook-brukar med 3500 vennar. Tysdag blei profilen hans stengt.

Søviknes kasta ut av Facebook
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. des. 2010 13:19

I mars i år «gav han etter for fjesboka», tysdag denne veka var det slutt.

- Eg fekk tekstmelding frå ein kamerat som lurte på kvifor eg ikkje hadde profil på Facebook lenger, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

- Eg veit ikkje kvifor. Eg har hatt litt kontakt med administrasjonen i Facebook om saka, men berre per epost.

Rett Søviknes?
Glamourmodellar som Alexandra Øien og Linni Meister har også blitt kasta ut av Facebook, men årsaka til at Søviknes, i alle fall førebels, er fjerna frå nettsamfunnet, har nok ikkje med publisering av feil type innhald å gjera.

- Det kan jo henda at nokon har publisert noko upassande på veggen min medan eg ikkje har vore på nett, men eg trur heller det har med identitet å gjera. Det er nokre andre profilar i mitt namn på nett, som andre har lagt ut, kanskje det er derfor dei har tatt meg av lufta.

- Nokre meiner at stor trafikk og mange vennar kan vera årsaka, seier ordføraren, som hadde rundt 3500 vennar i nettsamfunnet før profilen blei stengt.

Måtte senda legitimasjon
Sidan tysdag har Søviknes jobba med å bevisa at epostadressa profilen hans er knytt til faktisk er hans.

- Det neste dei har bedt om er bilde av legitimasjonen min. Årsaka til at dei har stengt profilen har dei ikkje gjeve meg hint om enno.

Midtsiden.no har førebels ikkje lukkast i å nå Petter Høie, account executive i Facebook Norden for kommentar.

Aktiv brukar med mange vennar
- Eg har vore redd for at det å bruka Facebook skal ta for mykje av tida mi, men no var det vel kanskje på tide å få litt erfaring med denne kommunikasjonskanalen, sa Søviknes til Midtsiden.no i mars.

Sidan har ordføraren vore aktiv brukar av nettsamfunnet, litt privat, men mest i jobbsamanheng.

- Eg synes det har vore ein grei måte å få ut informasjon på, og å få raske tilbakemeldingar på ting vi jobbar med.

No håper han at Facebook opnar profilen hans igjen, og at han held på alle vennane sine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.