Lokal | 14. juli 2016

Søviknes og Kvåle ber om pengar til bru

I samband med det komande samanslåinga av Os og Fusa vil kommunane no i gang med forprosjekt for å erstatta Hatvik-Venjaneset-ferja med bru.

Søviknes og Kvåle ber om pengar til bru
Søviknes og Kvåle vil erstatta ferje med bru. Dei håper å starta forprosjekt over ferien. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. juli 2016 08:10

Måndag sendte Os kommune og Fusa kommune «Søknad om tilskot til infrastrukturtiltak, kommunesamanslåing Os og Fusa» til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Onsdag 22. juni sa kommunestyra i begge kommunane ja til samanslåing med verknad frå 1. januar 2020.

– Basert på dette søkjer vi no Kommunal- og moderniseringsdepartementet om tilskot til infrastrukturtiltak for kommunar som slår seg saman. Etter det vi har forstått er det etablert ein praksis med tilskot på 5 millionar kroner til kvar samanslutning, skriv ordførarane Terje Søviknes og Atle Kvåle i søknaden.

– Ein føresetnad for å lykkast

I den nye samanslåtte kommunen er Osøyro peika ut som kommunesenter og Eikelandsosen definert som kommunedelsenter. Sentrale kommunale tenestefunksjonar skal fordelast på Osøyro og Eikelandsosen.

Ordførarane peiker på at det å erstatta ferja mellom Hatvik og Venjaneset (fv 552) med bru vil ha fleire gevinstar.

«Eit brusamband til erstatning for ferjesambandet Hatvik-Venjaneset vil radikalt betra internkommunikasjonen i den nye kommunen, og væra ein vesentleg føresetnad for å lykkast i arbeidet med å etablera ein ny robust kommune sør for Bergen. Brusambandet vil løysa ut vesentlege samfunnsgevinstar i høve forstørring av arbeids-, bu- og serviceregionen i aksen Bergen-Os-Fusa. Forventa reisetid frå sentrale deler av Fusa til Bergen sentrum vert t.d. redusert til ca 30-45 minutt.»

Vil starta forprosjekt etter ferien

Hordaland fylkeskommune fekk i 2015 utarbeidd ein rapport om mogelege tilknytingvegar til framtidig ferjefri E39 Bergen-Rogaland (Oslo Economics og SWECO, 04.05.2015). Her er tverrforbindelse med bru mellom Os og Fusa eit av dei vurderte alternativa.

Førebelse kalkylar syner at eit brusamband til erstatning for ferjesambandet Hatvik-Sandvikvåg kan finasierast med den nye ordninga for ferjeavløysingsmidlar på fylkesveg og bompengar.

På begge sider av ferjesambandet Hatvik-Venjaneset, strekningane Eikelandsosen-Venjaneset og Hatvik-Osøyro, er det allereie godkjende reguleringsplanar for oppgradering av fylkesvegnettet.

Søviknes og Kvåle har som mål å få starta forprosjekt hausten 2016 og ber i søknaden om raskt svar.

Følgjande tiltak inngår i forprosjektet;
- Trafikkanalyse som grunnlag for finansieringsplan
- Konseptvalutgreiing for brukryssing (eller fjordkryssing? red anm)
- Områderegulering
- Kostnadskalkylar

Søkar reknar med at forprosjektet vil kosta 8 - 10 millionar kroner og seier kostnaden over omsøkte 5 millionar skal dekkast av kommunane sjølv, eller i spleiselag med vegeigar Hordaland fylkeskommune.

Det er realistisk at komplett vedtaksgrunnlag for brusamband Os-Fusa, i tråd med tiltakslista ovanfor, kan liggja føre innan 31.12.2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.