Sovna i taxi
Taxisjåføren fekk ikkje kontakt med passasjeren, kontakta politiet.
Det har vore ei relativ roleg natt for politiet, men litt har dei likevel hatt å gjera på.
– Klokka 0330 fekk vi melding frå ein taxi-sjåfør som ikkje fekk kontakt med den berusa kvinnelege passasjeren, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Politiet kom til staden og fekk etterkvart kontakt med kvinna.
– Det ordna seg etterkvart, ho blei henta av sin vaksne son.
Krøkkete parkering
Fredag kveld fekk politiet også melding om ein bil som sto krøkkete parkert på Halhjemsvegen.
– Den står nok der framleis, men skal stå mindre krøkkete til no. Det er ein sølvfarga BMW 318. Bileigar freista å fjerne den i går kveld, men tauekorken rauk. Den vil bli fjerna i dag, fortel politiet.
Bilen står mellom Liafjellstunnellen og Lepsøykrysset retning mot Halhjem.