Næringsliv | 13. aug. 2011

Spa på heimebane

Etter å ha jobba med import frå Kina i 10 år har Reinhardt Østrem no opna to butikkar i heimlandet.

Spa på heimebane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. aug. 2011 06:13

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 6
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Det kan vera starten på ein lekker liten spa- og møbelkjede, opninga av Home & Comfort-butikkane i Haugesund og Åsane.

– Vi opna begge butikkane 13. mai i år og starten har vore god, fortel Reinhardt, som onsdag kom til Noreg igjen etter nok ein arbeidsperiode i Kina.

Toppmodell for 3 millionar

Osingen Østrem, som i mange år dreiv fleire uteplassar i Os, eig butikkane saman med Tor Steinar Olsen og Johnny Hjelle.

• Les og: Frå uteliv til import

– Etter 10 år i Kina og lang erfaring med varegrupper som utandørs spa, badstover, dusj, baderomsmøblar og hagemøblar, har vi både handel rett frå fabrikk og mykje kunnskap om kvalitet og support.

Varene i butikken er likevel prega av låg pris, men har blant anna ein toppmodell av eit utandørs boblebad, med bar og barstolar rundt badekaret, som har selt i over 40 eksemplar sidan opning. Spa-anlegget kostar 70.000 kroner og står med det åleine for nærmare 3 millionar kroner.

Ikkje berre fokus på pris

Reinardt si erfaring med import frå Kina starta i 2001. I 2007 selte han og kameraten Jan Moberg bedrifta til selskapet Gatma AS i Haugesund. Østrem heldt fram med å jobba for Gatma, og har sidan budd i Kina i lengre periodar.

– Kinesarane konkurrerer hardt, spesielt på pris, men med tida har fabrikkane lært seg kor opptatt den europeiske marknaden er av kvalitet. I starten var dei overraska over kor høgt vi prioriterer at ting skal vera solid, no har dei skjønt at kvalitet er noko europearane både forventar og vil betala for.

Butikk i Os?

Home & Comfort-butikken i Åsane ligg i 2. etasje i kjøpesenteret Gullgruven. I tillegg har eigarane ein tilsvarande butikk i Haugesund. På spørsmål om han har planar om å etablera seg på Os svarar Østrem med å le.

– Det blir nok ikkje butikk i Os med det første, men osingane er velkomne innom etter neste tur på Ikea.

– Dessutan skal vi stilla ut på Osmesso under Nore Neset Dagane i midten av september. Det blir stas å visa varene i heimbygda, seier Reinhardt Østrem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.