Lokal | 10. des. 2010

Spåmann og barneparkering

Laurdagane i Os sentrum: Gratis barneparkering, møte med kjente forfattarar og kjent astrolog som skal sjå framtida til Søviknes.

Spåmann og barneparkering
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. des. 2010 15:37

Os sentrum prøver eit nytt tilbod til dei som skal på julehandel dei neste laurdagane.

- Dette er noko vi har tenkt på lenge, og endeleg fått til, seier leiar i Os sentrum, Renate Iversen.

Med lån av lokalet bak banken, der Baksio tidlegare heldt til, var det viktigaste på plass.

- Vi har fått to skjønne 16 år gamle nissejenter til å stå for barnepassen, som blir eit gratistilbod for dei som skal på handel i sentrum dei to laurdagane før jul.

- I tillegg til at vi har fått låna eigedom Bergen Eiendomsrådgivning forvaltar, har Lehrmanns stilt opp med flatskjerm og DVD. No er lokalet innreia med møblar, tepper, peparkaker og saft. Blir dette tilbodet mykje brukt kan det vera noko vi gjentar fleire gongar i løpet av året, seier Iversen.

Signerer og spår
Den kjente astrologen Henning Hai Lee kjem til Os for å signera boka si. I tillegg skal han ta seg tid til å spå blant anna ordførar Terje Søviknes.

Fleire andre personar i Os skal vera invitert til å bli spådd. Kva Lee seier om Søviknes si framtid før valåret 2011 kan du sjå frå klokka 12.

- Dette blir ei ny oppleving, eg får ta det for det det er, seier Søviknes.

- Vi har nominasjonsmøte til fylkestinget som pågår medan eg blir spådd, så eg får håpa eg ikkje får nokre urovekkande meldingar, ler han.

Lee er ikkje den einaste forfattaren som skal signera bøker i Os dei neste helgene. I morgon kjem Vidar Bratlund Møland, som også skal lesa eventyr frå 12.30 til 13.00, sundag kjem Arnfinn Haga.

Neste helg kjem både Siri Lill Mannes og Jimmy Øvredal.

- Signeringa skjer hos Libris medan vi bruker lokalet i Telthuskvartalet, der MaBella heldt til, til julemesse og julekafé, fortel Renate.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.