Kultur | 18. aug. 2011

Spanande og mangfaldig haust

Jo Nesbø, Bjørn Eidsvåg, Knerten, Karoline Krüger, Brede Bøe, Carte Blanche og lokale revykrefter er litt av det som kjem i Oseana i haust.

Spanande og mangfaldig haust
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2011 09:11

Onsdag kveld presenterte arrangementssjef Berit Steen det komplette programmet for hausten i Oseana for nær 100 nysgjerrige osinger. Det tok ikkje lang tid før fleire strauk til billettkassa for å sikre seg billetter til dei mest populære showa.

- Dette var eit utruleg spennande og variert program, var reaksjonane som gjekk att i salen.

Lokale artistar sentrale

Programmet inneheld ein god kombinasjon av nasjonalt og internasjonalt kjende artister blanda med verdskjende skikkelsar frå heile Os i det lokale revykrefter sett opp "Absolutt Nedsnødd", ein forrykande julerevy.

- Dei held på i disse dager å snekre saman det som kjem til å bli tidenes julerevy, reklamerte Steen.

I tillegg til den spesielle julerevyen blir det eit møte med "Desembergata 24", julehistoria som er basert på Alf Prøysen si "musevisa", satt opp av Os Revy- og teaterlag.

- Framsyninga har tidligere vore spelt i Fjellheim. No er den løfta og bearbeidd slik at den kler den store salen her i Oseana, forklarte Steen.

I tillegg kjem både Orbo & The Longshots, som vil ha lanseringskonsert av sitt siste album "Prairie Sun" i Oseana 23. september, Montèe med Maya Vik og kraftkarane i Os handbakklubb til NM i handbak dagen etter ORBO.

Humor og klassisk

Marit Voldsæter sin framsyning "Drit i å danse" blei så fort utsolgt at ekstraframsyning blei satt opp 17. november.

- Førebels er ekstraframsyninga halvfull, orienterte Steen.

Ein anna humorist som tek med seg band og vitjar Os er komipris-grossisten Brede Bøe, kjend frå mellomanna TV-programmet Hilde & Brede Show.

På det klassiske reportoaret kjem Bergen Filharmoniske orkester 9. september og skal urframføra Glenn Erik Haugland sitt verk "Brytetid" som ei hyllest til huset og Osbygda.

Dagen etter er det nasjonalballetten som inntek huset med Septemberdans.

- Det blir ei stor hending. Nasjonalballetten er berre på Vestlandet kvart fjerde år. At vi har fått dei til Oseana er stort.

- Dei har med seg det fremste av dansarar i Noreg.

Bergen Filharmoniske orkester og Nordic Tenors kjem båe i desember for å sette osingar og andre i skikkelig julestemning.

- Filharmonien kjem til å ha med seg kor frå Os som heidersgjestar i juleframsyninga, smilte Berit Steen.

Riksteateret til våren

Ein nasjonal institusjon vi ikkje får stifta kjennskap med i haust er Riksteateret.

- Dei har så lang planleggingshorisont at vi ikkje fekk det til i haust, men til våren kjem dei med både Karius og Baktus for born og Anna Karena for dei vaksne, orienterte Steen.

Hodejegere og smurfer

Etter litt fram og tilbake blei det på forsommaren bestemt at Bygdekinoen kjem til å ha sin eineste spelestad i Os på Oseana.

- Dei opnar sesongen med Smurfane og Hodejegerne.

- Smurfane blir i 3D om dei klarar å skaffe nok 3D-brillar. Vi har sagt at dei bør ha minst 250 når dei kjem til Os, smila arrangementssjefen.

Av andre barneframsyningar kjem Karoline Krüger og Hordaland Teater med det musikalske og magiske stykket "Veggen", Hordaland teater i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater med "Delfinen" og 60o Nord (tidligare WT-festivalen) med barnefilmfest i samarbeid med Disney og bygdekinoen.

Opnar med historia om livet

Til å opna haustprogrammet har Oseana fått Vibeke Havre si framsyning "The End - A gentle Reminder".

- Med det utruleg bra programmet blir det ei ære å få starte det heile med denne framsyninga om livet kor døden er ei ramme som bind det saman, fortalte regissøren dei frammøtte.

- Vi håpar og trur det blir ei framsyning som vil gje refleksjonar og glede over livet, smila Havre.

- Framsyninga er skapt her på Os og i Oseana.

- Dansarane, musikerane og skodespelarane har tilbrakt store delar av sommaren her på Os for å sette saman forstillinga.

- Dei har fått frie rammer til å vera med på å utforme si del av forestillinga, noko som er ein heil ny måte å jobba på i norsk samanhang, forklarte Havre.

I framsyninga har ho mellomanna med seg Alejandro Altamirano, som har dansa med Celine Dion i fem år. Nuria Guiu Sagarra som var ein av dei leiande danserane i Carte Blanche i to år og Heidi Marie Vestrheim, mest kjend som programleiar og musikar.

The End - A gentle Reminder opnar haustsesongen fredag 2. september med tre framsyningar den første helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.