Lokal | 25. sep. 2017

Sparer millionar på kvardagsrehabilitering

2,6 millionar sparer Os kommune på å hjelpa eldre til å bli aktive i eige liv.

Sparer millionar på kvardagsrehabilitering
Tenesteutvalet fekk ei orientering om resultata av kvardagsrehabiliteringa i førre veke (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 25. sep. 2017 12:18

I 2013 fekk Os kommune tilskot frå helsedirektoratet for å utvikla modeller for kvardagsrehabilitering. I 2014-15 deltok kommunen i ei nasjonal følgjeevaluering og i eitt seks månader langt pilotprosjekt.

Frå 2015 starta kommunen opp kvardagsrehabilitering som eiga teneste.

– Vi er fem personar i delte stillingar. Vi har 60% sjukepleiar, 40% fysioterapeut, 50% ergoterapeut og to heimetrenarar på 50% kvar. Alle jobbar i tillegg i andre tenester i kommunen, fortalde Anne Kristine Hatlelid, ergoteraput og ansvarleg for tenesten då ho saman med Hilde Hjelle orienterte tenesteutvalet i førre veke.

"Pushar" brukarane

Kvardagsrehabilitering er ei anbefalt måte å møte helseutfordringane på. Det er òg ei teneste som har bredd om seg sidan den første oppstarten i 2013. 205 av landets 426 kommuner har no starta med tenesta.

– «Kvar er viktig for deg?» er det store spørsmålet. Til no har vi vore flinke til å spørje kva vi kan hjelpa deg med. Kvardagsrehabilitering handlar om å meistre kvardagsaktivitetar i eigen heim. Vi trenar på daglege gjeremål som er viktig for den einskilde. Det går føre seg i eigen heim eller nærmiljø og vi jobbar med utgangspunkt i måla som kvar og ein set seg. Det er ei intensiv trening i fire veker kvar dag, så det er eit krav til at brukaren er motivert. Måla kan vera å skulle ta bussen sjølv, gå turar ute, dusje sjølv, gå på butikken, ned til båten eller gå på kontakto. For mange handlar det om å komma seg ut. Mange er redde for å falle, difor må vi trena slik at dei blir trygge. Vi er der for å støtte den enkelte i å nå måla. Vi gjer aktiviteten saman med dei, men ikkje for dei, poengterte Hatlelid og Hjelle.

Etter treningsperioden blir brukarane følgd opp etter éin og tre månader.

Reduserer hjelpebehova

104 brukarar har fram til no starta kvardagsrehabilitering.

– Det vi ser er at vi i snitt reduserer behovet for heimetenester etter endt kvardagsrehabilitering. I snitt trengte dei 4,7 timar før vi tok til. Under den intensive treninga er dei oppe i 8,8 timar i snitt, men ved avslutninga er vi nede i rundt 3 timar, også ved oppfølging tre månader seinare.

– Vi har fått hjelp til å rekna på det. I 2015-16 var kostnaden før kvardagsrehabiliteringa på 8 792 006 kroner. Etter tre månader var den nede på 5 197 129, noko som gjev ei innsparing på 3 594 877. Kostnaden med kvardagsrehabiliteringa var på 978 889, slik at den rette summen blir 2 615 988 kroner.

– Det viktigaste er likevel at det er menneskjer det er snakk om her. Målet er at dei skal klare å vera aktive i eiga liv, poengterte Hatlelid.

Har hatt ventetid

Dei to fortalde at dei starta 2017 med 44 brukarar og at dei for første gang har opplevd ventetid denne våren.

– Det har vore auke i antal tilvisingar, som har gjort at det har vore noko ventetid. Dette skal vera eit lågterskeltilbod med mål om å komma raskt i gang. Difor ønskjer vi å styrka tenesta med fleire ressursar og få fleire heile stillingar, slik at vi kan arbeide meir med å stoppa hjelpebehovet i døra gjennom god kartlegging og fokus på ressursar og meistring i kvardagen. Både vi og dei andre tenestene bør jobba med at brukarane skal klare mest mogleg sjølv og at vi ikkje skal vera så raske med å gjera ting for brukarane. Vi må rett og slett bli flinkare til å ha henda litt meir på ryggen og la dei prøve sjølv.

– Så langt meiner vi at vi har klart å utsetta behov for sjukeheimesplassar, hindra eller forkorta korttidsopphald, utsetta eit hjelpebehov, behov for færre timar heimesjukepleie, forebyggje fall og funksjonsfall hos deltakarane, men ikkje minst at vi har klart å gje eit meir aktivt liv for den einskilde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.