Lokal | 13. mars 2014
Sparka mann i hovudet
Ein mann blei frakta til arresten i Bergen etter ein valdsepisode i Os onsdag formiddag.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. mars 2014 08:59
Onsdag klokka 12.40 rykte politiet i Os ut til slåstkamp i eit bufellesskap.
– Ein mann skal ha sparka ein annan mann i hovudet medan han låg i bakken, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Begge dei involverte er i 30-åra.
– Fornærma blei frakta til lege for sjekk. Det blei ikkje påvist skade.
– Mistenkte blei tatt med til arresten i Bergen, og slepp laus igjen i dag.
To trafikkontrollar
Onsdag hadde politiet også to trafikkontrollar, i Hegglandsdalen i 11-tida og på Byvegen ved Tøsdal i 21-tida.
I Hegglandsdalen blei det stoppa to utan bilbelte, på Byvegen var det to utan medbrakt førarkort og éin med mangel på lys.