Lokal | 06. des. 2014

Sparka og beit politiet

Politiet rykte ut til slåsting på ei adressse og fekk med seg ein krakilsk mann til arresten i Bergen.

Sparka og beit politiet
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 06. des. 2014 08:22

I 1.30-tida i natt rykte politiet ut på melding om bråk på ei adresse.

Det hadde vore slåstkamp og ein av partane framsto som utagerande og kom med trugslar mot politiet.

– Patruljen truga tilbake med peparspray, men fekk lagt mannen i jern utan å spraya, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Etter at mistenkte, som er i slutten av 20-åra, hadde fått handjern på, slo han seg vrang igjen.

– Han sparka den eine betjenten og beit den andre.

– Han heldt fram med trugslar, sparking og spytting også etter at han hadde kome inn i bilen.

Vedkomande blir meldt. Han blei frakta til arresten i Bergen, der han framleis sit.

Mannen er dømt for liknande forhold før og blir sett på som ein kjenning av politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.