Lokal | 03. aug. 2014

Speedbåt under vatn

Denne båten søkkte i Oselvarhopen i Os hamn laurdag. No ber brannvesenet eigar ta kontakt.

Speedbåt under vatn
Veit du kven som eig denne båten? Då ber brannvesenet deg ta kontakt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. aug. 2014 20:07

Søndag fekk Midtsiden tips om båt under vatn i Os hamn.

– Båten har lagt på utsida av brygga ved Vindu mot Fjorden ei stund, men nokon taua den inn her ved Oselvanaustet før helga og laurdag gjekk båten ned, fortel John Lepsøy.

Lepsøy bur i området og håper eigar får båten fjerna.

– Vi vil prøva å få kontakt med eigar så vi får båten heva og fjerna seier Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Brannvesenet har ansvar for både akutt forureining og for Os hamn. Det såg søndag ikkje ut til å vera noko utslepp frå påhengsmotoren, ein eldre mercurymotor utan undervannshus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.