midtsiden

Spelar frå start

Brann har tru på osingen Bjarte Haugsdal. I morgon spelar han frå start i treningskamp mot Løv-Ham.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag spelar Brann treningskamp mot Løv-Ham i Vestlandshallen. Treningskampen blir den første der osingen Bjarte  Haugsdal spelar frå start.

- Bjarte hadde ein tung første halvdel av sesongen i fjor. Då han kom over den kneiken gjorde han ein god haustsesong. Han har berre heldt fram den positive utviklinga, så han ventar vi ganske mykje av, seier trenar Rune Skarsfjord til bt.no.

Brann let Erik Huseklepp, Diego Guastavino og Birkir Sævarsson kvila, og kjører blant anna Bjarte Haugsdal, Hassan El Fakiri, Olafur Bjarnason og Tijan Jaiteh frå start.

Haugsdal, som vanlegvis spelar spiss eller kant, blir plassert å sentral midtbane saman med Jan Gunnar Solli. På motstandarlaget treff han kanskje to andre osingar, Mats Cato Moldskred og Bjørn Dahl.

Kampen blir sendt live på bt.no.

Fleire saker