Lokal | 19. apr. 2010

Spelar med MOT

Ungguten Håkon Sørstrønen Skarding fekk måndag utfordringa: - Du skal vera trommis på MOT-konsertane.

Spelar med MOT
Benjamin Bruarøymandag 19. apr. 2010 10:57

- Os er den beste kommunen å spela i. Det er også ein veldig viktig kommune, der dei jobbar godt med MOT, seier frontfigur for MOT-konsertane Askil Holm.

Dei vil at konsertane skal vera til inspirasjon, og at MOT skal vera med på å gi ungdommane MOT til å ta eigne val. I Os spelar dei to konsertar. Begge med rundt 800 tilskodarar. Midtsiden kjem med eigen omtale og video frå konsertane.

Lokale talent
- Det er eit veldig høgt nivå lokalt i Os, og fleire av banda som er med har sjølvskrivne tekstar, seier Askil Holm.

Han meiner at det er eit godt potensiale blant dei lokale banda, til å utvikla seg og jobba profesjonelt med musikk om det er det dei vil ein gong i framtida.

Ein av dei som fekk prøva seg saman med Askil Holm og dei andre MOT-musikarane var trommeslagar Håkon Sørstrønen Skarding som til vanleg spelar i bandet AVM90. På dei to konsertane i Oshallen kompa han gjennom heile konserten.

- Det er kult, er den korte og kontante kommentaren frå den unge trommisen.

Midtvegs i turneen
MOT er no midtvegs i turneen. Dei var i Askøy på fredag, i Os på måndag og Etne på tysdag. Dei er då ferdig med vestlandet, og skal vidare til Sørlandet.

- Med berre eit par timar øving før konsertane, blir dei lokale musikarane heve på djupt vatn, seier Askil Holm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.