Sport | 01. nov. 2020

Speler du på lag med kroppen din?

Sjekk her - klarer du 7 av 7?

Speler du på lag med kroppen din?
Torill Bakke. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. nov. 2020 16:47

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

Ein sunn og sprek kropp kjem ikkje av seg sjølv. Du må behandla kroppen din bra for at den skal ha det best mogleg, både fysisk og psykisk.

Det er mange faktorar som bidrar til ei god helse. Her kjem nokre element det er verdt å merka seg.

Klarer du 7 av 7?

Sørger du for å sove gjennomsnittlig 7 til 9 timar kvar natt? Alle er avhengig av god og nok søvn for å fungera godt i kvardagen. For lite søvn kan gjera deg trøtt og ukonsentrert med humørsvingningar og hukommelsesproblem.

Langvarig søvnmangel kan også koblast til meir alvorlige lidingar som depresjon, overvekt, diabetes og hjerte -karlidelsar.

Kor mykje søvn du treng varierer frå person til person og avhenger blant anna av alder og helsetilstand. Det ser heller ikkje ut som det er mogleg å ta igjen tapt søvn. Her gjeld det å sova dei tiltrengte timane dine i størst mulig grad kvar natt.

Gir du kroppen din tilstrekkelig næring?

Et du nok mat? Verken for lite eller for mykje i forhold til ditt behov? Dersom du et mindre mat enn det kroppen din treng vil du gradvis bryta kroppen ned. Vekta går ned, muskelmassen din blir mindre og du får ikkje i deg dei viktige næringsstoffa kroppen din treng.

Risikoen for beinskjørhet stig og immunforsvaret ditt blir dårligare.

For mykje mat over tid fører til overvekt og auka risiko for livsstilssjukdommar.

Tar du gode matvalg i 80 % av tida?

Mat påverkar helsa vår og ein sunn og god kvardagsmat kan forebygge sjukdom. I kvardagen bør du legga fokuset på få i deg dine «fem om dagen», grove kornprodukt, magre meieriprodukt og nok fisk.

I tillegg begrenser du inntaket av bearbeida kjøtt, ferdigmat og tilsatt sukker. I helga unnar du deg noko ekstra.

Tar du tilkot av D-vitamin i månader med «r» i?

D-vitamin styrker immunforsvaret vårt og bidrar til ei god helse. Sollys er den beste kjelda vår til D-vitamin.

Vi får også i oss D-vitamin gjennom kosten, men det er svært vanskelig å få i seg nok D-vitamin gjennom berre vanleg mat, utan å ta tilskot.

Trener du regelmessig 2-3 gongar i veka?

Trening vil heilt klart gi deg eit sunnare og betre liv. Vaksne bør vera fysisk aktive i minimum 150 minutter med moderat intensitet, eller 75 minutter med høg intensitet kvar veke for å fremma ei god helse.

Her er det ikkje skippertaksmetoden som gjeld, men den kontinuerlige aktiviteten - vanane dine.

Trener du både uthaldenheit og styrke?

Ved å trena styrke kan du halda ved like eller auka muskelmassen din. Styrketrening styrker også skjelettet ditt og forebygger beinskjørhet. I tillegg påverker styrketrening fordøying, balanse, kroppssammensetting og nattessøvn i positiv retning.

Uthaldenhetstrening gir deg blant anna ein betre lungefunksjon og eit sterkare hjarte i tillegg til meir overskot i kvardagen, betre konsentrasjon og betre humør.

Har du ein positiv indre dialog?

Indre dialog handlar om korleis du snakkar til deg sjølv. Her gjeld det å vera raus. Sjølvskryt er både bra og helsefremmende. Ein indre dialog som i hovedsak er positiv og oppbyggande styrkar trua på deg sjølv og dine eigne ferdigheiter.

Dette igjen er av stor betydning både for di mentale helse og for å kunne prestera best mulig fysisk.

Dette er ulike element som alle bidrar til ein stor positiv bonus på helsa di. Gjer det som fungerer for deg i ditt liv. Ver fornøyd med de punkta du ser du har full kontroll på og sett eit forbetringsfokus der du kan bli betre.

Best mogleg så ofte som mogleg er eit godt mål. Det er godt nok.

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kostvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.