Speler inn sommaren
Os Musikkforening tek med seg Os skulekorps i Oseana når sommarstemninga skal setjast.
Søndag kveld kan du få deg ei god dose sommarstemning når Os Musikkforening inviterer til konsert i Oseana.
Korpset fortel at programmet for kvelden vil vera ei fin blanding som passar godt til den lyse årstida vi befinn oss i no. Du får blant anna eit gjenhøyr med ein bukett av Alf Prøysens mange trivelege songer i eit arrangement av Tom Skjellum.
Trombonegruppa til korpset vil vidare briljera som solistar, og publikum vil få med seg ei nydeleg framføring av Jan Magne Førdes stykke, «Domen», med Ruth Elin Midtbø som solist på flygelhorn.
Os Musikkforening blir dirigert av Magnus Brandseth.
NM-stykke frå skulekorpset
Gjestar er Os skulekorps.
For skulekorpsets sin del blei det ingenting av turen til Sandefjord og NM Janitsjar for skulekorps. NM ble i stadet gjort digitalt med opptak førre helg. Resultatet blir kunngjort lørdag denne veka.
På sundagens sommerkonsert vil korpset framføra stykket «Tintin» av Dirk Brossé, arrangert av Johan de Meij. Dette var korpsets bidrag til NM.
Os Skulekorps blir dirigert av Marius Fevang Thorstensen.