Speler KM-finale mot NM-vinnarane
I morgon blir det jentefotball på høgt nivå på Nore Neset.
Nore Neset jenter 17, som i sommar tok sølv i Norway Cup, fekk i går ein siger som kvalifiserer laget til KM-finale allereie i morgon.
– Vi jobbar fram mot Adidas Cup (uoffisielt NM) og Norway Cup, og ser på serien som ein utviklingsarena. At siste serierunde faktisk blir ein KM-finale, er ein bonus, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.
Det er berre éi avdeling i 1. divisjon. Fyllingsdalen, som nyleg vann finalen i Adidas Cup (som mange ser på som uoffisielt NM), toppar tabellen med 21 poeng, Nore Neset/Os har 18 poeng.
Før gårsdagens bortekamp mot Nymark leia Fyllingsdalen kraftig i målforskjell. Men bortekampen enda med 0-7-siger til Nore Neset/Os, og no står laga likt i målforskjell.
– Det var faktisk ein spennande kamp, også då vi leia 3-0. Med éin gong vi skapp oss litt nedpå så blei vi pressa, fortel Sandal.
Berre siger er godt nok
Nore Neset/Os tar imot Fyllingsdalen til KM-finale med avspark klokka 19.30.
– Vi må vinna kampen, men vi treng ikkje å vinna med meir enn eitt mål. Fyllingsdalen klarer seg med uavgjort.
Nore Neset/Os består i hovudsak av spelarar frå 2003-årgangen, altså 15-åringar.
– Fyllingsdalen er veldig gode, og dei er eldre enn oss. I morgon stiller vi med tre 14-åringar, éin 16-åring og tretten 15-åringar.
I vårserien vann Fyllingsdalen 4-1 over Nore Neset/Os. I haust har Fyllingsdalen vunne 7 og tapt 1, Nore Neset/Os står med 5-3-0.
– Her er det duka for å sjå to veldig gode jentelag spela mot kvarandre, og vi kjem til å laga ei god ramme på kampen, lover Sandal.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.