Kultur | 18. juni 2010

Speler saman

Musikklærarekteparet Terje og Anne Leni tar med seg alle dei tre talenfulle ungane sine for å spela konsert på Lysøen laurdag.

Speler saman
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juni 2010 13:53

I morgon kan du, for første gong, oppleva Terje og Anne Leni saman med alle dei tre ungane deira, spela konsert saman.

- Vi blei invitert i høve Ole Bull 2010, og tok imot utfordringa. Det skal bli spennande å kombinera instrumenta og dei ulike stilane, frå rein jazz til soul-vokal til klassisk fløyte. Men vi har no fått øvd litt, seier Terje.

Ekteparet Anne Leni Søfteland Sæbø og Terje Neset driv musikkundervising for blant anna ungdomsskuleelevane i Os. Deira eigne ungar har også fått ein god, musikalsk oppvekst:

• Anna, som syng soul, tar bachelorgrad i musikk ved Stord lærarhøgskule og er for tida på turné på ferje saman med Bjørn Jensen (Vinskvetten) og Christine Hope.

• Ingerid, som speler fløyte, blei kåra til årets musikar, har fått fleire stipend det siste året og hadde høgast poengsum av alle ved opptaksprøven til Rytmisk Musikkonservatorium i København de rho skal byrja til hausten.

• Marius er med JazzKamikaze blitt ein kjent saksofonist. I helga heldt han avgangskonserten sin ved Rytmisk Musikkonservatorium i København og neste helg speler han på Osøren Blues og Jazzfestival igjen.

Anne Leni kjem til å spela piano på konserten, Terje speler bass.

«Synk ned i mitt hav»
Konserten, som startar klokka 17 laurdag, har fått tittelen «Synk ned i mitt hav», etter Stephen Schwartz-låta med same navn, som dei også skal framføra.

«De er nok Andersen?» «Og de er Ole Bull, saa kjender vi hinanden!» Slik fortel HC Andersen om sitt første møte med Ole Bull.

- Eventyret, det leikne, fantasien, improvisasjonen, skapargleda og eit hav av kreativitet. Ein kan berre prøva å sjå for seg korleis dette møtet var. Med det som utgangspunkt har vi sett saman eit program som rommar store variasjonar i sjangrar og uttrykk, fortel Neset.

Blant låtane den musikalske familien speler på Museet Lysøen i morgon finn vi I ensomme stunde av Ole Bull, Sonate nr. 2 G dur 2. sats avEdvard Grieg, Redemption song av Bob Marley, At last av Etta James og nokre av Marius Nesets eigne låtar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.