Gina Aspenes nokre minutt før ho gjekk inn i salen på spellemannsshowet i Stavanger i kveld. (Privat foto)

Spellemannprisen til Gina!

Veit dåke kem eg e'?: Debutant Gina Aspenes frå Os blei i dag tildelt Spellemannprisen for best bluesalbum i 2013.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gina Aspenes er med sitt første soloalbum, Inertia, tildelt Spellemannsprisen.

I haust debuterte ho som soloartist, i desember blei det klart at vokalist og låtskrivar Gina Aspenes (37) frå Os var blant dei nominerte til Spellemannsprisen.

– Eg blei overraska og veldig glad, sa Gina til Midtsiden då nominasjonane kom.

I kveld gjekk spellemannsshowet av stabelen i Stavanger Konserthus og som fjerde sjanger ut blei prisen for beste bluesalbum delt ut.

Showet er direktesendt på NRK1.

– Veit dåke kem eg e?

I konkurranse med Bjørn Berge sitt album "Mad Fingers Ball" og Knut Reiersrud sitt "Aftonblues" stakk Inertia og Gina av med den gjeve prisen.

Albumet er produsert av Ole Reinert Berg-Olsen, også han frå Os. ORBO vann sjølv Spellemannsprisen for fem år sidan.

Det var ei svært overraska og tydeleg glad og rørt Gina som gjekk på scenen og tok imot prisen.

– Herregud! I fleire veker har eg no gått og kjent på kor deilig det har vore å vera nominert, sa debutanten Gina då ho tok imot Spellemannsprisen.

– Veit dåke i det heile tatt kem eg e? spurde ho salen.

Så heldt ho heldt ein kort og fin tale der ho blant anna takka Ole Reinert, Erick Jaskowiak, kjærasten Thomas Moberg Hansen og mamma.

Her kan du sjå alle dei nomerte.

Fleire saker