Sport | 23. okt. 2017

Spelte jamt med tabelltoaren

Preben Madsen skåra 9, men Os står framleis utan poeng etter tre serierundar.

Spelte jamt med tabelltoaren
Preben Madsen med ei av ni skåringar mot tabelltoaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. okt. 2017 06:56

Laurdag tok Os imot Sogndal til kamp i 3. divisjon.

Sogndal hadde to sigrar og ein uavgjort før oppgjeret i Oshallen, heimelaget jakta sesongens første poeng.

Kampen blei jamn. Laga følgde kvarandre og til pause sto det 10-11, halvvegs i 2. omgang sto det 15-16.

Preben Madsen skåra 9 mål, Isak Røen skåra 5, men kampen enda med tap.

Os - Sogndal 21-24 (10-11)
Os: Einar Godø, Preben Madsen 9, Isak Røen 5, Nils Andris Hamre 3, Trygve Lerch Dahl 1, Mats Brunvatne 1, Bendik Oen 1, Kasper Lyssand Haugland, Erik Vågen, Kristian Bruarøy og Hans Brunvatne.

Os har no tre bortakampar på rad, mot Viking TIF 2, NHHI og Sotra, før heimekamp mot Gloppen søndag 19. november.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.