John Ole Johannessen, her i opprykkskampen med Søfteland i 2015, spelte i går mot gutane han er med og trener. (Foto: KVB)

Spelte mot sine eigne

Os 2-trenar John Ole Johannessen spelte treningskamp med Søfteland i går - mot Os 2.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tidlegare Os-spelar John Ole Johannessen har dei siste sesongane spelt på Søfteland samtidig som han har vore blant trenarane til dei beste juniorane til Os.

Han er saman med Odd Jarle Hjelle og Kristian Bødtker framleis med Os 2, i lag med ny hovudtrenar, Karl Kvile.

I går spelte han treningskamp mot sine eigne.

• Les òg: Stallen til Os 2 er tatt ut

– Det gjekk heilt greit det. Søfteland skulle øva på å ligga med god defensiv struktur, Os 2 skulle øva på frispel og på å halda ballen i laget med høgt tempo, så det var bra match.

Os 2 - Søfteland 1-1.

 Kampen gjekk på Kuventræ. Søfteland ved Kristoffer Skjelde gjekk opp i 0-1, Os 2 utlikna ved Erik Enes.

I kvar si 5. divisjonsavdeling

Både Os 2, Søfteland og Nore Neset speler i 5. divisjon i år, men i kvar sine avdelingar.

Søfteland speler i avdeling 1, der dei blant anna møter Solid, Fitjar og Askøy, og har seriestart borte mot Trio 22. april.

Os 2 speler i avdeling 2, og møter blant andre Sædalen, Bergen Nord og Inter Bergen. Seriestart er borte i ein kamp der det ikkje bør klagast på dommaren, mot Juristforeningen 23. april.

Nore Neset speler i avdeling 3. Der er Bønes, Nymark og Smørås blant motstandarane. Seriestart er borte mot Eidsvåg 21. april.

 

 

Fleire saker