Sport | 23. juli 2015

Spelte opp mot maks

Bjørnefjorden golfklubb med god prestasjon i lag-NM. Var nest best i fourball og held seg i 1. divisjon.

Spelte opp mot maks
Pro på Bjørnefjorden golfklubb, Sverre Marcelius, er godt nøgd med innsatsen til klubben under lag-NM førre helg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. juli 2015 06:56

Førre helg blei 1. divisjon lag-NM i golf spelt på Atlungstad golfbane rett utanfor Hamar.

Anders Engelsen, John Arntzen, Magnus Engevik, Sverre Marcelius og Anders Grasdal spelte på laget for Bjørnefjorden golfklubb, som etter tre dagar med spel og fem runder på den 18-hols lange banen sikra seg fortsatt spel i 1. divisjon med ein åttande plass.

– Det tykkjer eg vi skal vera nøgde med. Det er høgt nivå i golf-Norge om dagen, oppsummerar Sverre Marcelius.

– Dei som spelte for Bjørnefjorden gjorde ein fantastisk innsats. Vi spelte så godt vi kunne.

Fint og surt

Dei to første dagane spelte dei to runder kvar dag. Då to og to saman på same lag.

– Fredagen var det fantastisk bra tilhøve og nydeleg vêr. Laurdagen vakna vi til åtte grader, regn og sur vind, men det kom seg utover dagen. Sundagen blei det igjen fantastiske tilhøve.

Nest best i fourball

Når dei spelar to og to på lag, så er det konkurranseformane foursome, der dei to på laget slår annankvar gang, og fourball, der dei spelar på kvar sin ball, men den beste ballen tel på scorekortet.

– Vi gjer det særs bra i fourball. Der er det berre Asker som slo oss då vi gjekk runde nummer 4, men vi er alt for dårlege i foursome. Der tapte vi alt for mange slag. Vi blir nøydd til å setta oss saman for å finna ut kva vi kan gjera for å minska gapet opp til dei beste i det spelet, fortel Marcelius.

På runde fire (fourball) brukte Asker 132 slag medan dei fire Bjørnefjorden-spelarane brukte 135 slag på dei 36 hola.

Anders og Magnus gode

Sundagen blei avslutta med singelspel, kor kvar spelar spelar for seg og resultatet tel på samanlagtlista.

– Anders Engelsen og Magnus Engevik gjekk kvar si gode singelrunde med henhaldsvis 70 og 74 slag på par 72-bana. Dei innfridde båe to.

– Spesielt er eg imponert over Anders som har hatt ei utruleg utvikling dei par siste åra. Han er ein av dei betre spelarane eg har hatt gleda av å spela med, avsluttar Sverre Marcelius, som i tillegg til å vera ein habil golfspelar også er pro på Bjørnefjorden.

Vann turneringa gjorde Asker golfklubb med 777 slag. Saman med arrangørklubben Atlungstad (802 poeng) rykker dei opp til eliteserien. Bjørnefjorden enda på 822 slag og åttande plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.