Lokal | 19. feb. 2018

– Spennande og utfordrande

Fagforbundet har fått nytt styre og ny hovudtillitsvald. Deira viktigaste oppgåve blir å losa kommunesamanslåinga vel i hamn.

– Spennande og utfordrande
Styret og hovudtillitsvald Trond Solholm samla på seminar måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 19. feb. 2018 19:10

Fagforbundet i Os gjorde fleire endringar i leiinga då dei hadde val av styret på årsmøtet 24. januar. Allereie tidlegare i vinter hadde Trond Solholm blitt vald som ny hovudtillitsvald frå 1. januar etter Jonny Christensen, som hadde vervet i 27 år.

På årsmøtet blei det fleire utskiftinger og det nye styret består no av Jan Ove Arntzen (leiar), Anita Kyrkjeteig (nestleiar/yrkeseksjon helse og sosial), Gerd Jakobsen (opplæringsansvarleg), Brita Lund (pensjonisttillitsvald for pensjonistar og uføre), Siv Søgnen Olsen (yrkesseksjon samferdsel og teknisk), Marte Haugsdal (ungdomstillitsvald), Åshild Lekven (kasserar) og Synneva Ekerhovd (yrkesseksjon kyrkje, kultur og oppvekst).

– Det viktigaste å jobba med framover er naturleg nok kommunesamanslåinga. Det å vera synleg i den og passe på at medlemmane våre får dei rettane dei har krav på og at dei blir ivaretatt i prosessen er nok det som kjem til å ha mest fokus, fortel styremedlemmane når Midtsiden møter dei på sitt første styreseminar etter valet.

Veit lite enno

Arntzen og dei andre fortel at det er mange spente medlemmar som lurer på kva som skjer med deira jobb i samband med samanslåinga.

– Det har førebels vore lite informasjon å lesa ut frå heimesider og andre stader. Informasjonsflyten har vel vore begrensa for den vanlege mann og kvinne i organisasjonen, men det er kanskje ikkje så rart. Vi er enno tidleg i prosessen. Difor skal vi mellom anna ha eit felles medlemsmøte med Fagforbundet i Fusa den 5. mars kor rådmannen kjem for å orientere.

– Det er jo sagt at alt av arbeidsplasser og jobber skal vera avklart til sommaren, men eg må vera så ærleg å seie at eg er usikker på om ein rekk det. Det er eit så stort tema og eit så omfattande arbeidet at eg trur ikkje alle har tatt innover seg kor mykje som skal på plass. Og tida er ikkje lang, seier Arntzen, som i samband med kommunereformen er frikjøpt 20 prosent.

Føler seg litt fram

Der skal han jobba saman med hovudtilitsvald Trond Solholm.

– No har eg berre vore hovudtillitsvald i halvannan måned, så det er litt tidleg å seie korleis samarbeidet med administrasjon og politikarar går.

– Rådmannen er veldig vaken på trepartssamarbeidet, men så opplever eg at andre i administrasjonen kanskje er meir opptekne av å tolke avtaleverket i arbeidsgjevar sin favør. Det er litt uklare formuleringar på enkelte områder. Eg trur det hadde gagna dei å vera litt meir opne for trepartssamarbeidet. Vi skal nok få det til å fungera på litt sikt, men førebels så føler eg meg litt fram, fortel Solholm.

Brei representasjon

Med opp mot førti arbeidsgrupper som kanskje skal i sving i samband med samanslåinga, så ser Solholm eit tydeleg behov for å involvera fleire.

– Det er styret som skal ta avgjer på korleis vi skal angripe eindel saker. Det skal ikkje eg som hovudtillitsvald gjera aleine.

– I tillegg har det jo vore sagt at ein legg opp til ei breiast mogleg involvering av dei tillitsvalde rundt på arbeidsplassane. Det meiner eg er veldig positivt. Det kan ikkje vera slik at vi skal vera ei lita gruppe tillitsvalde på rådhuset som skal vera med over alt, seier Solholm.

– Nei, vår jobb er å gje dei plasstillitsvalde tillit, supplerer Arntzen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.