Fotball | 07. apr. 2010

Spennande semifinale

Semifinalen mellom Lysekloster og Nore Neset blei avgjort på sudden death.

Spennande semifinale
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. apr. 2010 22:10

Bildeserie:

1 av 9

Onsdag kveld var det lokaloppgjer i kampen om finaleplass i Tornado Bergen sin vinterliga. Kampen mellom Lysekloster og Nore Neset gjekk på Lysekloster sin bane, og semifinalen gjekk til ekstraomgangar før det heile var avgjort.

Nore Neset, som grunna divisjonsforskjell starta med straffespark, leia 0-1 og 1-2, men tapte 4-3 på sudden death få minutt ut i første ekstraomgang.

- Eg er nøgd med det vi leverte. I første omgang sleit vi, men klarte likevel 2-2 til pause. Berre synd vi ikkje putta på fleire av sjansane i andre omgang, seier Nore Neset-trenar Kenneth Svenningsen.

SJÅ VIDEO AV 2-2-SKÅRINGA UNDER ARTIKKELEN.

Lysekloster - Nore Neset: 4-3 (2-2)
0-1: Grunna divisjonsforskjellen (6. og 7.) starta Nore Neset med straffe, som Per Olav Strønen sette inn.
1-1: Morten Sætre utlikna midt i omgangen med skot etter litt klabb og babb og feltet.
1-2: Espen Sælen gav Nore Neset leiinga igjen etter retur frå keeper.
2-2: Ole Christian Jørgensen og Lysekloster utlikna før pause med skot frå dødlinja via ein NN-spelar.
3-2: Lysekloster tok leiinga ved Thomas Greipsland rundt halvvegs ut i 2. omgang.
3-3: Espen Hjertholm utlikna for Nore Neset.
4-3: Steffen Finsådal blei matchvinnar for Lysekloster cirka 4 minutt ut i første ekstraomgang.

God keeper - lågt tempo
I første omgang var det tydeleg at det er Lysekloster som rykte opp frå 7. divisjon i fjor. Heimelaget styrte kampen og skapte fleire sjansar medan Nore Neset stort sett måtte forsvara seg.

- Dei heldt eit høgare tempo enn oss og vi missa på ein del pasningar, seier Svenningsen.

Men Arne Veim Haugland sto godt i mål og heldt dei fleste skota ute av buret.

- Blei dårlegare
Lysekloster-trenar Ørjan Sandal seier kampen blei som venta, men at hans eigne spelarar burde gjort det betre.

- Nore Neset kom for å vinna, vi klarte dessverre ikkje å visa like god kampmoral. I første omgang var vi best, nokre små feil gjorde at ikkje det blei mål av sjansane vi skapte. Vi prøvde å justera på det i pausen, i staden blei andre omgang verre.

- Men dette var ei grei gjennomkjøring før sesongstart, som for vår del blir tøff, mot Fana 2 sundag 18. april.

Den andre semifinalen, mellom Arna-Bjørnar 2 og Nordre Halsnøy, er ikkje spelt. Kor tid finalen blir spelt er førebels ikkje bestemt, men det kan bli nokre veker til.

Video: I snutten under kan du sjå Espen Sælen si utrulege 1-2-skåring for Nore Neset og Ole Christian Jørgensen si utlikning for Lysekloster rett etterpå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.