Spent på spurten
Senterleiar Anne Kristine Tøsdal har ikkje fått rapport for helga frå alle butikkane enno, men har full kontroll på dei to første vekene i desember.
Senterleiar Anne Kristine Tøsdal har ikkje fått rapport for helga frå alle butikkane enno, men har full kontroll på dei to første vekene i desember. - Vi hadde ein liten auke i forhold til i fjor, seier senterleiaren. Snittet ved dei drøye 50 Amfi-sentra var ein negang på 1,4 prosent, medan Amfi Os sine to første desemberveker var 0,7 prosent betre enn i 2007.
- No er vi spente på tala frå i dag og dei neste to dagane. 22. desember var den beste dagen for julehandel i 2007, fortel Anne Kristine. Totalt til no i år ligg Amfi Os omtrent 4,5 prosent over fjoråret.