Spent på tida etter påske - ser fram til hausten
Oseana kan få ei tettpakka tid når koronaviruset er under kontroll.
- Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Onsdag 11. mars, dagen før statsminister Erna Solberg kom med dei strengaste tiltaka etter krigen, var stenging av gymsalar og Oseana blant dei første lokale smitteverntiltaka i Bjørnafjorden kommune.
Os Musikkforening sin før NM-konsert blei avlyst, eit nesten utselt humorshow med Pernille Sørensen er utsett til august.
– Vi jobbar med ny dato for andre, som Real Ones. Vinsmakinga blir i september. Tribute til Whitney Houston var del av ein verdsturné, og er utsett til mai 2021, fortel programsjef Berit Steen.
I dag fortel Oseana i ei pressemelding at dei aukar frekvensen frå Oseana LIVE, strøymetenesta sender fleire reprisar til institusjonar over heile Noreg. I løpet av dei neste vekene vil mellom anna Jan Eggum og Halvdan Sivertsen, Eva Weel Skram og Aurora Aksens bli streama til institusjonar. Også to tidlegare teaterframsyningar frå Riksteatret vil bli viste.
Samtidig blir det selt billettar til haustprogrammet, som foreløpig ikkje er komplett, men som inneheld namn som Bjarte Hjelmeland, Christine Hope, Tommy Steine, Halvdan Sivertsen, Vinskvetten, Ephemera, Vidar Johnsen, Eva Weel Skram og Hellbillies.
– Billettsalet til hausten har overraska oss positivt desse dagane etter stenging, seier Steen.
Spent på tida mellom påske og sommar
Ingen i kulturhuset er til no permitterte. Direktør Ole Tobias Lindeberg fortel om todelt effekt for vårprogrammet.
– Først blei vi stengt til 1. april, i går blei dette utvida til over påske. Nokre arrangement blei avlyste eller utsette fordi vi har stengt, ved andre tilfelle er det arrangøren som har avlyst.
Riksteateret har avlyst alle framsyningar fram til sommarferien, Festspillene i Bergen har foreløpig blitt ståande. Dei skal ha framsyninga TOTU i Oseana 23. mai.
Blant andre arrangement før sommarferien er Osøren Jazzensemble med Marita Moe Sandven 17. mai og ølfestivalen 13. juni.
– Vi er spente på både årets 17. maifeiring og kva som skjer vidare med smitteverntiltak og arrangement etter påske, seier Lindeberg.