Terje Sperrevik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sperrevik blir lensmann i større område

– Eg har førebels ikkje fått tilbodet skriftleg, men reknar med eg takkar ja, seier Terje Sperrevik.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I samband med politireforma vert alle leiarstillingar tilsett på ny. 13 personar fekk denne veka tilbod om stillingar som lensmenn og seksjonsleiarar, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding i dag.

Tysdag denne veka vedtok eit samrøystes tilsetjingsråd i Vest politidistrikt kven som skulle få tilbod om 13 leiarstillingar.

– Det var eit spennande møte. Det er ikkje kvar dag vi tilsett så mange leiarar på så høgt nivå, seier politimeister Kaare Songstad.

• Les òg: Sperrevik søkjer ny leiarstilling i Kvam (desember 2017)

Blant dei 13 er Terje Sperrevik frå Os.

– Eg fekk tilbodet tysdag kveld, seier Sperrevik til Midtsiden.

Han har førebels ikkje formelt takka ja.

– Tilbodet har ikkje kome skriftleg enno, men eg reknar med at eg takkar ja.

Tre kontor og stort terreng

Dette fortel pressemeldinga om Sperrevik og stillinga:

«Driftseining Hordaland, lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Kvam, Fusa og Tysnes: Terje Sperrevik (55 år), Os. Har vore lensmann i Kvam og Samnanger sidan 2013. Utdanning: Politi og jurist.»

– Kva blir største forskjell på det å vera lensmann i Kvam og rolla som tenesteeiningsleiar i Kvam, Fusa og Tysnes?

– Det er naturlegvis storleiken på både organisasjonen og ansvarsområdet, som no spenner over fire kommunar, Kvam, Fusa, Tysnes, Samnanger og delar av Kvinnherad nord for Hardangerfjorden.

– Eg har ikkje full oversikt over totalt mannskap enno, men reknar med at vi blir til saman 20-25 polititenestemenn og sivilt tilsette.

Større terreng, og store arrangement som Tysnesfest, er blant det osingen no får hovudansvar for.

– Målet er å vera tett på alle dei tre kontora, å forma ein god organisasjon. Eg kjenner fleire av dei komande kollegaene mine frå før, og føler meg trygg på at vi saman skal få dette til.

Fleire endringar i ny organisasjon

I pressemeldinga held Vest politidistrikt fram:

Tilsetjingane kjem som følgje av omorganiseringa i samband med politireforma. I tillegg til kvalitetsheving og nye måtar å jobbe på, er omorganisering og ny organisasjonsstruktur ein del av reforma. Ny organisasjon for Vest politidistrikt går i endeleg drift 1. mars.

– Alle tilsette i politidistriktet har fått vite kor dei skal jobbe i ny organisasjon. No byrjar den nye strukturen å fyllast med leiarar. Eg ser fram til å fortsetje arbeidet med å vidareutvikle politidistriktet for å møte framtidas utfordringar, seier politimeister Songstad.

Desse personane har fått tilbod om følgjande leiarstillingar:

Driftseining Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden:
Politiinspektør med funksjon som dagleg leiar for Bergen sentrum politistasjon:
Lars Morten Lothe (48 år), Fyllingsdalen. Kjem frå stillinga som konstituert leiar for PST Vest. Han har bakgrunn mellom anna som seksjonsleiar ved ordensseksjonen ved Bergen vest politistasjon, avdelingsdirektør i NAV Hordaland og politiadvokat.
Utdanning: Politi og jurist

Politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Bergen nord politistasjonsdistrikt:
Trond Sekkingstad (45 år), Bergen. Kjem frå stillinga som politiinspektør i Politidirektoratet. Fungerte som visepolitimeister i Sør-Vest politidistrikt i 2016-2017. Har også hatt ulike leiarstillingar i politiet, forsvaret og som advokat i det private næringsliv.
Utdanning: Jurist

Politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Bergen sør politistasjonsdistrikt:
Bård Tore Norheim (54 år), Bergen. Har fungert som driftseiningsleiar ved Bergen sør politistasjon sidan 2016. Har bakgrunn mellom anna frå hundetenesta og som innsatsleiar i Bergen, seksjonsleiar i Bergen vest og politiinspektør i Politidirektoratet.
Utdanning: Politi

Politiinspektør med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Bergen vest politistasjonsdistrikt:
Monica Johannessen Mørk (40 år), Godvik. Har det siste året fungert som seksjonsleiar for Ungdomsseksjonen i Vest politidistrikt. Har vore fagsjef for politiets førebyggande arbeid i Sotra, Askøy og Øygarden lensmannskontor.
Utdanning: Politi

Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt:
Torgils Lutro (52 år), Godvik. Kjem tilbake til politiet etter å ha jobba som avdelingsdirektør ved Nav Kontaktsenter Hordaland frå 2009. Tidlegare lensmann på Askøy og Fjell, Sund og Øygarden.
Utdanning: Politi

Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Kvinnherad lensmannsdistrikt (vikariat):
Sigurd Børve (55 år), Uskedalen. Har vore ved Kvinnherad lensmannskontor sidan 1988 i ulike stillingar. Fungerte mellom anna som lensmann i 2008-2010.
Utdanning: Politi

Lensmann med funksjon som tenesteeiningsleiar ved Nordhordland lensmannsdistrikt:
Kjell-Idar Vangberg (58 år), Alversund. Har hatt vikariat som lensmann i Nordhordland sidan 2014 og går no inn i fast stilling. Tidlegare lensmann på Radøy lensmannskontor og Austrheim og Fedje lensmannskontor.
Utdanning: Politi

Felles eining for etterretning og etterforsking:
Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for etterretning:
Are Sangolt (48 år), Søreidgrend. Har det siste året fungert som seksjonsleiar ved administrativ stab og nestleiar ved Bergen sentrum politistasjon. Har erfaring både frå ulike leiarstillingar både i politiet og det private næringslivet.
Utdanning: Politi

Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid:
Odd Arve Solvåg (50 år), Florø. Kjem frå stillinga som leiar for fellesoperativ eining i Sogn og Fjordane.
Utdanning: Politi

Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet:
Rune Fremstad (62 år), Fyllingsdalen. Har lang erfaring som leiar i politiet. Har fungert som seksjonsleiar ved seksjon for organisert kriminalitet sidan 2006.
Utdanning: Politi

Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for straffesaksinntak:
Esther Klubben (44 år), Brattholmen. Har det siste året vore prosjektleiar for  felles straffesaksinntak i Vest politidistrikt. Har bakgrunn som politibetjent og avsnittsleiar ved Straksetterforskingsavsnittet.
Utdanning: Politi

Politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for etterforsking av økonomi, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet:
Frode Karlsen (42 år), Strusshamn. Kjem frå jobben som leiar ved økonomiavsnittet i Bergen. Han har leiarererfaring både frå forsvaret og politiet.
Utdanning: Politi

Ingen av kandidatane har formelt takka ja til stillingane enno. Det kan difor komme endringar.

Fleire saker